Jekaterinburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jekaterinburg
Jekaterinburg ved elva Iset
Jekaterinburg ved elva Iset
Jekaterinburg ved elva Iset
Flagget til Jekaterinburg Byåpenet til Jekaterinburg
Flagget til Jekaterinburg Byvåpenet til Jekaterinburg


Plassering
Jekaterinburg is located in Russland
Jekaterinburg is located in Sverdlovsk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Sverdlovsk oblast
Grunnlagd 1723
Borgarmeister Arkady Tsjernetskij
Geografi
Flatevidd
 - By

490 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

1 315 100
  2 683,9 /km²
Koordinatar 56°50′″N 60°35′″EKoordinatar: 56°50′″N 60°35′″E
Høgd over havet 237 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 620xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)343
Bilnummer 66, 96
Nettstad: www.ekburg.ru

Jekaterinburg (russisk Екатеринбург) er ein by i Russland. Byen ligg i Sverdlovsk oblast på austsida av Uralfjella. Byen har rett over 1,3 millionar innbyggjarar og er den femte største i landet.

Tsar Nikolaj II av Russland, tsarina Aleksandra (av Hessen-Darmstadt) og deira fem barn vart avretta i byen den 16. juli 1918 av bolsjevikane.

Byen hadde namnet «Sverdlovsk» mellom 1924 og 1990 etter bolsjevikleiaren Jakov Sverdlov, men namnet vart endra att då Sovjetunionen vart oppløyst.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei gammal kyrkja (bygd 1792-1818)

Byen vart grunnlagd i 1723 av Vailij Tatisjtsjov og kalla opp etter den heilage Katrina, som også var namnet på kona til tsar Peter den store, Katerina I (Jekaterina). Den offisielle datoen for grunnlegginga er 18. november 1723.

Like etter den russiske revolusjonen 17. juli 1918 vart tsar Nikolaj II, kona hans Aleksandra, og borna deira stortfyrstinnene Olga, Tatina, Maria og Anastasia, og tsarevitsj Aleksej avretta av bolsjevikane ved Ipatijevhuset i denne byen. I 1977 vart Ipatijevhuset øydelagd etter ordre frå Boris Jeltsin, som seinare vart den første presidenten av Den russiske føderasjonen.

I 1920-åra vart Jekaterinburg eit stort industrisenter i Russland. Det var på denne tida den kjende Uralmasj vart bygd, som vart den største fabrikken for produksjon av tungt maskineri i Europa.

Under den andre verdskrigen vart mangen nasjonale tekniske institusjonar og heile fabrikkar flytta til Jekaterinburg og bort frå dei krigsråka områda (hovudsakleg Moskva), og mange av dei vart verande i byen etter krigen var over.

I 1960-åra, under perioden til Nikita Krusjtsjov, vart det bygd mange identiske femetasjes bustadblokker over heile byen. Dei fleste av dei finst framleis i bydelane Kirovskij, Tsjaklovskij og andre bustadområde i byen .

1. mai 1960 vart eit amerikansk U-2-spionfly, med Francis Gary Powers som pilot, skote ned over Sverdlovsk Oblast. Piloten vart teke til fange, stilt for retten og dømd for spionasje. Han vart dømd til sju års hard arbeid, men sona berre eitt år før han vart utveksla for Rudolf Abel, ein KGB-spion av høg rang, som hadde vorte arrestert i USA i 1957. Dei to spionane vart utveksla på Glienicke-brua i Potsdam i Tyskland den 10. februar 1962.

Det var eit utbrot av miltbrann i Jekaterinburg (då Sverdlovsk) i april og mai 1979, som sovjetiske styresmakte gav forgifta kjøt skuldra før. Amerikanske agentar meinte derimot at innbyggjarane hadde pusta inn miltbrannsporar som ved eit uhell hadde vorte slept ut ved eit militær mikrobiologisk anlegg. Dr. Kanatjan Alibekov sine forteljingar om miltbrannepisoden i Sverdlovsk støttar dette synet, noko som òg vart stadfesta i ein sjølvstendig gransking frå amerikanske forskarar i 1994.[1]

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Jekaterinburg ligg i Asia, 1667 km aust for Moskva, på austsida av Uralfjella ved elva Iset. Byen er omgjeven av skog, hovudsakleg taiga, og små innsjøar. Vinteren varer om lag fem månader, frå november til midten av april, og temperaturen kan verte så låg som -45 °C, men sjeldan mindre enn -20 til -25 °C. Sommaren i Uralfjella er kort og varer vanlegvis 65-70 dagar med ein middeltemperatur på 18 °C. Det er ikkje uvanleg med snø sjølv om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Matthew S. Meselson, et al., «The Sverdlovsk Anthrax Outbreak of 1979», Science 266:5188 (18. november 1994): 1202-1208.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jekaterinburg
Reiseguide for Jekaterinburg frå Wikivoyage