Jelena Golovina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jelena Golovina
Verkeleg namn Елена Викторовна Головина
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 16. februar 1961 (63 år)
Komarovo
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1992

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Jelena Viktorovna Golovina (fødd 16. februar 1961) er ein tidlegare skiskyttar frå Komarovo i Sverdlovsk oblast som representerte Sovjetunionen fram til 1991. Ho vart verdsmeister på 7,5 km i 1987 og var med å vinne seks VM-gull i stafett; 1985, 1987, 1988, 1989, 1990 og 1991, og dessutan eit VM-gull for lag i 1989. I 1989 vann ho verdscupen i skiskyting for kvinner.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Golovina deltok i VM i skiskyting 1985 og vart nummer fire på 5 km og 5 på 10 km, før ho saman med Venera Tsjernysjova og Kaija Parve sikra Sovjetunionen gullmedaljen i 3 x 5 km stafett. Plasseringane på 5 og 10 km under VM 1986 i Falun var dei motsette av året før, fem på 5 km og fire på 10 km. Ho fekk ikkje plass på stafettlaget. Under skiskytings-VM i Lahti 1987 vann Golovina 5 km etter prikkfri skyting, og gjekk så fyrste etappen for Sovjetunionen på stafetten, der venninene frå 1985-laget, Tsjernysova og Parve, sikra eitt nytt gull for dei tre. Dei same tre utøvarane vann VM-stafetten også i 1988.

Golovina heldt fram med å vinne stafettgull i 1989, 1990 og 1991, men med nye lagvenninner. Rett nok var Svetlana Davidova med på alle tre triumfane, men fyrsteetappen vart desse åra gått av høvesvis Natalja Prikatsjikova, Jelena Bazevitsj og Jelena Belova. Individuelt vann han sølvmedaljen på 15 km i VM 1990, og bronsemedaljen på 7,5 km i verdsmeisterskapen året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar