Jelena Polenova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jelena Polenova

Fødenamn Елена Дмитриевна Поленова
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 15. november 1850
St. Petersburg
Død

7. november 1898 (47 år)
Moskva

Yrke kunstmålar
Far Dmitriy Vasilevich Polenov
Mor Mariya Polenova
Jelena Polenova på Commons

Jelena Dmitrijevna Polenova (27. november 185019. november 1898) var ein russisk målar og designar. Ho var ei yngre syster av målaren Vasilij Polenov.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Polenova studerte ved ein måleriskule i heimbyen St. Petersburg frå 1859 til 1869. Denne skulen var open også for kvinner og vart driven av 'Selskapet til framhjelp for kunsten'. Pavel Tsjistjakov var læraren hennar, frå 1864 fekk ho også Ivan Kramskoj til lærar. 1869-70 studerte ho i Charles Chaplin sitt atelier i Paris.

Seinare la ho ut på reiser til Tyskland og Italia (1875), og ho utdanna seg vidare innan kunsten under eit opphald i Paris (1879). Medan den russisk-tyrkiske krigen stod på i 1877-78 arbeidde ho på eit militærhospital i Kiev.

I 1870-åra arbeidde Polenova hovudsakleg med vassfargar. Landskapsmåleria i vassfargar vart fyrste gongen vist offentleg i 1882, ved ei utstilling i St. Petersburg og Moskva. Dei vart der godt mottekne og rosa av kritikaren Vladimir Stasov.

'Draken', 1895-98

Tidleg på 1890-talet flytta Polenova til Moskva, der ho kom i tett kontakt med familien Savva Mamontov. Ho byrja spele ei framståande rolle i aktivitetane omkring Abramtsevokolonien, ei konservativ slavofil kunstretning i Russland mot slutten av 19. hundreåret. I 1885 organiserte Polenova og Jelizaveta Mamontova ein snikkar- og treskjeringsverkstad på Abramtsevo.

Polenova tok del i utviklinga av ein nasjonal versjon av art noveau innanfor Abramtsevokolonien. Med sine illustrasjonar av russiske eventyr og slavisk mytologi vart ho ein føregangar i den romantiske varianten av jugendstil/art noveau. Temaene og motiva i kunsten hennar frå denne tida er mykje like Ivan Bilibin sine, og delvis Viktor Vasnjetsov sine.

Jelena Polenoa døydde i 1898 i Moskva, av seinfylgjer etter ho skadde hovudet under ei ulukke to år i førevegen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]