Jelena Slesarenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jelena Slesarenko


Jelena Slesarenko i Stavanger i 2007

Fødenamn Елена Владимировна Слесаренко
Statsborgarskap Russland
Fødd 28. februar 1982 (42 år)
Volgograd
Idrett høydehopp, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Venskapsordenen

Jelena Vladimirovna Slesarenko, fødd Sivusjenko (fødd 28. februar 1982), er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Volgograd som tevla i høgdehopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Slesarenko slo gjennom i 2004 då ho vann innandørs-VM med 2,04 m. I sommarsesongen same året gjekk ho heilt til topps i høgdetevlinga under Sommar-OL i Aten. Ho tok alle høgder til og med 2,06 meter i fyrste forsøk. Då sigeren var klar gjorde ho tre forgjeves forsøk på verdsrekordhøgda 2,10 m.

Etter ho gjekk skadd i 2005 var ho i 2006 tilbake og tok gullmedaljen i innandørs-VM med eit hopp på 2,02 m. Ho vart så nummer fem i europameisterskapen i Göteborg i 2006, der ho vart ståande med 1,99 m i resultatlista.

Både under VM i friidrett 2007 i Osaka og sommar-OL 2008 i Beijing enda Slesarenko på fjerdeplassen, etter høvesvis 2,00 meter i Osaka og 2,01 m i Beijing. Enno ein fjerdeplass fekk ho i friidretts-VM 2011 i Daegu med 1,97 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]