Jelgava

Koordinatar: 56°39′N 23°43′E / 56.650°N 23.717°E / 56.650; 23.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jelgava
Jelgavapalasset
Jelgavapalasset
Jelgavapalasset
Flagget til Jelgava Byvåpenet til Jelgava
Flagget til Jelgava Byvåpenet til Jelgava
Styresmakter
Land Latvia
Grunnlagd
Byrettar
900-talet
1573
Borgarmeister Andris Rāviņš
Geografi
Flatevidd 60,56, 57,66 km²
Flatevidd
 - By
   - Vatn

60 km²
  2,34 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2016)
   - folketettleik

61 625
  1 025/km²
Koordinatar 56°39′N 23°43′E / 56.650°N 23.717°E / 56.650; 23.717
Diverse anna
Postnummer LV-300(1-9); LV-3024; LV-3035
Telefon-retningsnummer 30
Heimeside: http://www.jelgava.lv
Plassering
Plassering av Jelgava
Plassering av Jelgava

Jelgava (tysk Mitau, Mitaw, Mītava; litauisk Mintauja; polsk Mitawa; russisk Елгава/Митава) er ein by sentralt i Latvia, om lag 41 km sørvest for Riga med 65 000 innbyggjarar. Han er den største byen i Zemgale. Jelgava var òg tidlegare hovudstad i Hertugdømet Kurland (som Mitau) og var hovudstad i Kurland-regionen fram til 1919.

Jelgava ligg på ei frodig slette som berre ligg 4 meter over havnivå på høgresida av elva Lielupe (tidlegare Kurländische Aa). I periodar med særs høg flo kan sletta og stundom byen verte oversvømd. Jelgava er omringa av Jacobskanalen (starta av Jacob Kettler) som tidlegare verna dei tidlegare festningsverka.

Byen er eit jernbaneknutepunkt og ein viktig marknad for korn og tømmer. Det ligg òg ein flybase ved byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen voks opp langs Lielupe på 900-talet og i 1265-1266 bygde Sverdbrodarordenen ei borg her. Byen var utgangspunkt for riddarane si vidare erobring av dei omliggande livarane og semigallarane, som dei til slutt la under seg i 1290. Mitau vart så ein strategisk stad for å stoppe åtak frå Litauen i sør, men litauarane plyndra byen i 1345. Då den liviske ordenen mista byen under den liviske krigen vart han ein del av Hertugdømet Kurland i 1561 og fekk byrettar i 1573. Hertugdømet var igjen ein vasall under Den polsk-litauiske realunionen. Realunionen var stadig i krig med Sverige og Jelgava vart omleira ved fleire høve, men trass i dette blømde han som eit senter for handel og industri.

I 1795 annekterte Det russiske keisardømet byen i lag med heile Kurland under oppdelingane av Polen. I 1868 kom jernbanen til Jelgava og byen voks ytterlegare og i 1914 hadde han over 45 000 innbyggjarar. Jelgava vart hardt råka av den første verdskrigen og etter krigen i 1919 vart Jelgava ei slagmark mellom sovjetarane, det tyske Freikorps og latviske fridomsforkjemparar. Etter at sistnemnde vann vart Jelgava ein viktig by i det sjølvstendige Latvia.

Som følgje av den nazistiske-sovjetiske avtalen vart Jelgava annektert med resten av Latvia til Sovjetunionen under den andre verdskrigen i 1940. Mykje av den gjenverande tyske folkesetnaden i byen reiste vestover. Frå 1941 til 1944 okkuperte tyskarane byen fram til Den raude arméen erobra byen. Det historiske senteret i Jelgava, industrien, jernbanenettverket og offentlege bygg vart hardt råka under kampane og nesten 90 % av byen vart lagt i grus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Latvijas iedzīvotāju skaits pašvaldībās pagastu dalījumā»