Jelizovo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jelizovo
Елизово
Plassering
Jelizovo is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kamtsjatka kraj
Grunnlagd
Bystatus
1848
1975
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

39 585
Koordinatar 53°11′″N 158°23′″EKoordinatar: 53°11′″N 158°23′″E
Tidssone
- Ved sommartid
PETT (UTC+12)
PETST (UTC+12)
Diverse annan informasjon
Postnummer 684000
Retningsnummer (tlf) +7 = 41531

Jelizovo (russisk Е́лизово) er ein by i Kamtsjatka kraj i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Avatsja 32 km nordvest for Petropavlovsk-Kamtsjatskij.

Staden vart grunnlagt i 1848 som landsbyen Staryj Ostrog (russisk: Ста́рый Остро́г), men namnet vart endra til Zavojko (russisk: Заво́йко) i 1897, etter den russiske admiralen Vasilij Zavojko som leia forsvaret av Petropavlovsk i 1854. Landsbyen fekk nytt namn igjen i 1923, det noverande Jelizovo. Staden fekk status som urbanliknande busetnad i 1964 og bystatus i 1975.

Petropavlovsk-Kamtsjatskij lufthamn, den største på Kamtsjatka, ligg like ved byen.