Jeniseiske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeniseiske språk er ein språkfamilie i Kranojarsk kraj i det sentrale Sibir. Familien består av språka ketisk, jugh, kott og pumpokol, av desse har berre ketisk talarar i dag.
Det finst teoriar om språkslektskap mellom jeniseiske språk og na-dené-språk i Amerika. Dette er ikkje allmennt akseptert, men det er nok den mest sannsynlege av hypotesene om språkslektskap over Beringstredet. Eit nyare studium av dei moglege banda mellom desse språka blei lagt fram av Edward Vajda i 2008.[1]
Kjelder [endre]
- ↑ A Siberian Link with Na-Dene Languages (engelsk) (Mars 2008).