Jenisej

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jenisej
Jenisej nær Krasnojarsk
Jenisej nær Krasnojarsk
Utspring Tuva (Russland), Darkhaddalen (Mongolia)
Munning Karahavet
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
MongoliaMongolia
Lengd 5539 km
Middelvassføring 19 800 m³/s
Nedslagsfelt 2 580 000 km²
Jenisej - Nedslagsfeltet til Jenisej
Nedslagsfeltet til Jenisej

Jenisej (russisk Енисей) er den største elva som munnar ut i Nordishavet og med ei lngd på 5539 km er ho den femte lengste elva i verda. Ho spring ut i Mongolia og renn nordover gjennom Russland mot Jenisejbukta i Karahavet medan ho drener store delar av det sentrale Sibir. Den lengste vassvegen følgjer elvane Jenisej-Angara-Selenga-Ider.

Dei øvre delane av elva består av mange stryk og renn gjennom tynt folkesette område. Den midte delen vert regulert av massive magasin som produserer elektrisk energi for den russiske primærindustrien. Denne industrien vart delvis bygd opp med arbeidskraft frå gulagleiarane under Sovjetunionen og forureininga frå denne industrien er i dag vanskeleg å hanskast med . Jenisej renn gjennom den tynt folkesette taigaen og tar imot mange store sideelvar som gjer ho særs vassrik mot slutten. Ho munnar til slutt ut i Karahavet i den aude tundraen, der ho er isdekt i meir enn halvparten av året.

Øvre Jenisej[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Øvre Jenisej.

Jenisej har to store kjeldeelvar. Bolsjoj Jenisej (Store Jenisej), eller Bii-Khem (Бий-Хем) spring ut frå Tyva aust i Sajanfjella og nord for Tannu-Ola-fjella ved 52°20′N 97°30′E. Malyj Jenisej (Vesle Jenisej), eller Kaa-Khem (Каа-Хем), spring ut frå Darkhaddalen i Mongolia. Nyare forsking har vist at den smale utgangen frå Darkhaddalen ved fleire høve har vorte blokkert av is, som har skapt ein innsjø på storleik med den nærligganden Khövsgölsjøen. Når isbreane trekte seg tilbake (siste gong for 9300 år sidan) rann så mykje som 500 km³ vatn ut frå innsjøen og skapte kanskje ein katastrofe.

Kjelda frå Bajkal[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bajkalsjøen.

Den 320 km lange Øvre Angara renn ut i nordenden av Bajkalsjøen frå republikken Burjat, men den største tilsigselva er Selenga, som dannar eit delta på søraustsida. Dei lengste elvane som munnar ut i Bajkalsjøen spring ut frå austsida av dei sentrale Khangaifjella i Mongolia. Ei anna sideelv, Tuul, renn gjennom den mongoslek hovudstaden Ulan Bator, medan Egiin Gol drenerer Khövsgölsjøen.

Angara[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Angara.

Angara renn ut frå Bajkalsjøen og renn 1840 km frå regionshovudstaden Irkutsk og ut i Jenisej ved Strelka (58°6′4″N 92°59′53″E). Fire store demningar er bygd over elva for å produsere vasskraft til den lokale industrien. Sidelvane Oka og Ija, som renn frå nordsida av dei austlege Sajanfjella munnar ut i Angara.

Angarsk, senteret for den veksande oljeindustrien i Aust-Sibir, ligg 50 km nedanfor Irkutsk og har eit stort raffineri eigd av Yukos. Ei stor oljerøyrleidning tar olja vestover og ein ny røyrleidning vert bygd austover til Japan.

Nedre Jenisej[endre | endre wikiteksten]

Store Kaz munnar ut i Jenisej 300 km nedanfor Strelka. Ho er ein del av Ob-Jenisej-kanalen som går til elva Ob. Elva vert gradvis større og etter kvart dukkar det opp mange øyar. Av store sideelvar i denne nedre delen finn ein Podkamennaja Tunguska (1800 km lang) og Nizjnjaja Tunguska (3000 km lang) ved Turukhansk, som drener det aude sentrale Sibirplatået frå aust. Den aude regionen Tunguska er mest kjend for Tunguska-hendinga i 1908 då ein himmellekam eksploderte over området. I dag vert området utforska for olje. Etter Turukhansk renn Jenisej inn i tundraområdet.

I tundraen er elva islagd meir enn halvparten av året, og stundom kan is blokkere elva heilt og skape store flaumar. Det vert då nytta eksplosivar for å halde elva flytande. Den siste byen langs Jenisej er Dudinka. Frå her går det regelmessig båt til byen Krasnojarsk. Heilt nedst vider elva seg ut til eit 50 km breitt estuar kalla Jenisejbukta, og dei siste 250 km av elva vert halde ope for skipstrafikk av isbrytarar.

Under istida var vegen til Arktis blokkert av is. Sjølv om detaljane er usikre, meiner ein at Jenisej på denne tida rann ut i ein enorm innsjø som dekte mykje av det vestlege Sibir og til slutt rann ut i Svartehavet. Denne innsjøen vert kalla Den vestsibirske bresjøen.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Ob-Jenisej-kanalen vart nytta siste gong i 1942, då tre dampbåtar og ein kutter klarte å segle frå Jenisej til Ob. Kanalen er i dag heilt ute av bruk, men vert stundom nytta av turistar.

Den første ekspedisjonen som segla heile Jenisej, inkludert dei kraftige øvre sideelvane i Mongolia, var eit australsk-kanadisk lag i september 2001. Dette vart dokumentert i ein dokumentar for National Geographic Television.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gamle nomadiske folk, som Ket-folket og Jugh-folket, levde langs breiddene av Jenisej. Ket-folket, som tel om lag 1000 menneske, er dei einaste overlevande i dag av dei som opphavlege levde nær elvebreidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jenisej