Jenny Lind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jenny Lind i La Sonnambula.

Jenny Mari Lind (6. oktober 18202. november 1887) var ein svensk operasongar kjend som «den svenske nattergal». Alt som 10-åring byrja ho synge Vaudeville, og 18 år gamal debuterte ho. På grunn av overbelastning vart ho sendt til Paris, der ho studerte. Ho hadde engasjement både der og i Tyskland. Då ho opphaldt seg i London slost teatra om å få henne på programmet. I 1850 la ho ut på ein årelang turné til USA. Etter at ho trekte seg tilbake frå scena, var ho knytt til Royal College of Music i London. Frå 1843 var ho venninne med H.C. Andersen, som besøkte henne i 1845 i Berlin. Ho vart gift med pianisten Otto Goldschmidt (1830-1907) i 1852.

Sedelen for 50 svenske kroner har bilete av Jenny Lind.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jenny Lind
Spire Denne musikkartikkelen som har med Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.