Jens Christian Hauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jens Christian Hauge som forsvarsminister i 1947.

Jens Christian Hauge (15. mai 191530. oktober 2006) var ein norsk jurist og politikar. Han er mest kjend som heimefrontmann, politikar for Arbeidarpartiet, og for å ha hatt ymse verv i tilknytting til industri. Jens Christian Hauge er ofte omtalt som «Jens Chr. Hauge». I tillegg opererte han med ymse dekknamn i si tid som leiar for Milorg. Milorg var ein del av heimefronten i Noreg under andre verdskrig.

Hauge vart fødd i tidlegare Aker kommune. Kommunen vart seinare ein del av Oslo. Hauge vart utdanna jurist i 1937. Han vart domarfullmektig i 1938, og var prispolitifullmektig frå 1940 til 1941. I 1942 vart han distriktsinspektør for Milorg på Austlandet. Deretter avanserte han til å verta den øvste leiaren for Milorg i tida frå 1943 til 1945. Han var Milorg sin representant i leiinga for heimefronten frå hausten 1944.

Etter krigen var Hauge sekretær for statsminister Einar Gerhardsen frå juni 1945. Han var forsvarsminister i Einar Gerhardsen si andre regjering frå 5. november 1945 til 6. januar 1952. Frå 1954 var han høgsterettsadvokat. Han var justisminister i Einar Gerhardsen si tredje regjering frå 22. januar 1955 til 1. november 1955.

Som forsvarsminister var Hauge sentral som pådrivar for at Noreg skulle verta med i NATO. Han var òg sentral i oppbygginga av forsvarsindustri og i opprettinga av Forsvarets forskningsinstitutt hausten 1945. Han var òg sentral i høve til Institutt for Atomenergi, oppretta i 1948.

Som advokat hadde Hauge mange viktige styreverv. Av verv kan nemnast styreverv i Raufoss Ammunisjonsfabrikker, Kongsberg Våpenfabrikk, Marinens Hovedverft, Tandbergs Radiofabrikk, Det Norske Luftfartselskap, SAS, Statoil, Norges Hjemmefrontmuseum og Nathionaltheatret. Hauge var Regjeringa Nordli sin hovudforhandlar med AB Volvo om eit svensk-norsk AB Volvo i 1978. Hauge vart skilsdomar ved International Center for Settlement of International Disputes i 1975.

Hauge vart i 1995 påskjønna med Noregs høgste sivile utmerking, Medaljen for borgardåd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]