Jens Evensen
Jens Ingebret Evensen (5. november 1917–15. februar 2004) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet, diplomat, jurist, høgsterettsadvokat og domar innan folkerett ved folkerettsdomstolen i Haag.
Innhaldsliste |
Karriere [endre]
I den fyrste tida med petroleumsverksemd i Noreg var han sentral i utarbeiding av reglar for verksemd på norsk kontinentalsokkel. Evensen forhandla fram Noreg si handelsavtale med EF i 1972.
Jens Evensen var deretter statsråd i Trygve Bratteli si andre regjering og Odvar Nordli si regjering.
Han var først sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet, 16. oktober 1973 - 27. september 1974. Han vart deretter statsråd for Havrett og fiskerigrenser, 27. september 1974 - 15. januar 1976 i Trygve Bratteli si andre regjering, og heldt deretter fram i same verv i Odvar Nordli si regjering fram til 1. januar 1979.
"Gråsone»-avtala", mellom Noreg og Sovjetunionen om eit område i Barentshavet, var òg mykje hans verk.
Ein nær medarbeidar av Evensen var Arne Treholt.
Utmerkingar [endre]
- Evensen vart utnemnt til kommandør av Krossen av St. Olavs Orden.
- I 1982 vart Evensen tildelt Peer Gynt-prisen
Litteratur [endre]
- Berit Ruud Retzer: Jens Evensen : makten, myten og mennesket : en uautorisert biografi, Oslo 1999. ISBN 82-995068-0-8, http://www.berit1.com
Kjelder [endre]
Jens Evensen hos Stortinget.no, vitja 18. april 2010
| Norske handelsministrar | |
|---|---|
| Erik Brofoss (1947-54) · Oscar Torp (1954) · Nils Langhelle (1954-55) · Arne Skaug (1955-62) · Oscar Chr. Gundersen (1962-63) · Kåre Willoch (1963) · Erik Himle (1963-64) · Trygve Lie (1964-65) · Kåre Willoch (1965-70) · Otto Grieg Tidemand (1970-71) · Per Kleppe (1971-72) · Hallvard Eika (1972-73) · Jens Evensen (1973-74) · Einar Magnussen (konstituert) (1974-76) · Hallvard Bakke (1976-79) · Reiulf Steen (1979-81) · Kari Gjesteby (1981) · Arne Skauge (1981-83) · Asbjørn Haugstvedt (1983-86) · Kurt Mosbakk (1986-88) · Jan Balstad (1988-89) · Kaci Kullmann Five (1989-90) · Eldrid Nordbø (1990-91) · Bjørn Tore Godal (1991-94) · Grete Knudsen (1994-96) |