Jens Henrik Beer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Henrik Beer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juni 1799
Flekkefjord kommune
Død

22. juni 1881 (82 år)
Kvinesdal kommune

Yrke skribent, politikar, bonde, forretningsdrivande
Språk norsk

Jens Henrik Beer (11. juni 179922. juni 1881) var ein norsk skipsreiar, kjøpmann, gardbrukar og stortingsmann frå Flekkefjord.

Beer var son til ein skipsreiar. Sjølv gjekk han på skule i Bergen og seinare i England. Etter ei kort tid som tilsett i Wollert Konow si forretning i Bergen, busette han seg i 1821 i fødebyen Flekkefjord og vart skipsreiar og sagbrukseigar. I 1839 starta han opp eit brennevinsbrenneri og ølbryggeri.

Beer representerte Lister og Mandals amtStortinget i 1836, permittert frå 8. mai grunna sjukdom. Han var tilbake i hovudstaden og deltok på omframtstortinget 1836-37. På den ordinære tingsamlinga var han sekretær i tollkomiteen, medan han på omframttinget var medlem av «bevilgningskomiteen».

I 1832 kjøpte Beer eit større, udyrka landareal ved Fedafjorden. Her bygde han frå grunnen garden Øye i Kvinesdal og dyrka 400 dekar jord, der det før var lyng og myr, ved hjelp av ein jordbrukskyndig skotte. Slik vart han den fremste føregangsmannen i landbruket i amtet. I 1854 avslutta han handelsverksemda i Flekkefjord og busette seg på garden i Kvinesdal, der han døydde 82 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]