Jens Konrad Eggvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Konrad Eggvin
Fødd 1899
Død

1989 (90 år)

Yrke oseanograf

Jens Konrad Eggvin (fødd 17. august 1899 i Eggum i Lofoten, død 29. juli 1989) var ein norsk oseanograf.

Eggvin arbeidde som vitskapleg konsulent ved Fiskeridirektoratet i Bergen, tok doktorgraden i 1941. Han leia fleire oseanografiske tokt langs norskekysten og i Norskehavet, og oppretta faste oseanografiske stasjonar. Særleg arbeidde han med å føresjå innsiget av skrei i Lofoten og Finnmark ut frå kjennskap til temperatur- og straumforhold. Eggvin tok del i arbeidet med å opprette eit storstilt, internasjonalt observasjonsnetteverk med omsyn på varsling av oseanografiske forhold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Jens_Konrad_Eggvin» i Store norske leksikon, snl.no.