Jens Wendelboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jens Wendelboe (fødd 28. februar 1956) i København, oppvaksen i Oslo) er ein norsk trombonist, komponist, arrangør og orkesterleiar innan jazz. Han blei utdanna ved Austlandet sitt Musikkonservatorium i 1979 og spelte på 80-talet blant anna i Radiostorbandet (1980-1984), Jazzpunkensemblet (1982-1985) og leidde sitt eige storband under namnet Jens Wendelboe Big Band som gav ut albumet 'lone attic i 1983. I 1984-1985 utdanna han seg til Master of Music Degree på Manhattan School of Music og gav samtidig ut storbandalbumet Letter from New York med amerikanske musikarar. Heime igjen starta han det som skulle bli Oslo Groove Company[1] og leidde orkesteret i perioden 1985-1987. Frå 1991 har han leidd sitt eige storband Big Crazy Energy Band, og seinare jazzkvartetten Crazy Energy Jazz Quartet.

Som komponist har han fått NOPA sin pris for årets verk tre gonger, for «Suite to Bjørn» (1982), «Animal-Suite for 5 trombonar» (1986) og «Winter Landscape» (1996).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 'lone attic - Jens Wendelboe Big Band (NOPA, 1983)
  • Letter from New York - Jens Wendelboe and his New York Big Band (NOPA, 1985)
  • Big Crazy Energy Band Vol. 1 - Jens Wendelboe (NOPA, 1991)
  • Big Crazy Energy Band Vol. 2 - Jens Wendelboe (NOPA, 1991)
  • Crazy Energy Jazz Quartet - Crazy Energy Jazz Quartet (Crazy Music, 1996)
  • Strolling with the Groove - Jens Wendelboe (Rosa Records, 1997)
  • Get Crazy - Crazy Energy Jazz Quartet (Crazy Music, 1999)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Erik Smith-biografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]