Jens Worm Bruun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Worm Bruun
Statsborgarskap Danmark
Fødd 18. april 1781
Nykøbing Sjælland
Død

6. oktober 1836 (55 år)

Yrke lærar

Jens Worm Bruun (18. april 17816. oktober 1836) var ein dansk lærar og songpedagog.

Jens W. Bruun vart fødd i NykøbingSjælland, som son til Bodil Bützov og presten Jochum Gregersen Bruun. Han var oppkalla etter språkforskaren professor Jens Worm, som vart farens stefar. I 1813 gifta han seg med Juliane Hedevig Heber.

Bruun tok militær utdanning og vart løytnant før han tok seg arbeid som lærar ved fleire skolar i København, mellom anna ved ein mosaisk friskole. Han vart rekna som eit oppfinargeni, og skal ha funne opp salmodikonet. Han stifta òg Pædagogisk selskab. I 1827 vart han lærar ved Frue Sogns Borgerskole i Århus.

Bruun utgav mellom anna Den Lancasterske Skoleindretnings Historie (1820) og fleire blad med Salmer i Ciffre.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]