Jeppe Aakjær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeppe Aakjær

Statsborgarskap Danmark
Fødd 10. september 1866
Aakjær
Død

22. april 1930 (63 år)
Jenle

Yrke journalist, skribent, lyrikar, romanforfattar
Politisk parti Socialdemokratiet
Ektefelle Marie Bregendahl, Nanna Aakjær
Born Esben Aakjær, Svend Aakjær
Jeppe Aakjær på Commons

Jeppe Aakjær (10. september 186622. april 1930), fødd Jeppe Jensen i Aakjær i Fly Sogn ved Skive, var ein dansk forfattar av romanar, noveller, dikt, og skodespel. I tillegg skreiv Aakjær ein del lokalhistoriske bøker, alle basert på studiar av arkivaliarLandsarkivet i Viborg.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Aakjær var fleire gonger i konflikt med samfunnet, som han gjorde opprør overfor. Han vart også fengsla for kampskriftene sine. 17. januar 1887 vart han sett i fengsel i 17 dagar for foredraga sine om den franske revolusjonen og for åtaka sine på Indre Mission.

Verka Missionen og dens Høvdinge (1897) og Vredens Børn (1904) sette sinn i kok over heile Danmark. Det vart skrive over tusen artiklar om verka, dei fleste kritiske til Aakjær, men mange fekk også auga opp for dei elendige forholda som tenestfolk under tyendesystemet levde under. I 1907 vart det nedsett ein tyendekommisjon som skulle sjå på tilhøva. Tyendeloven vart oppheva i 1921.

Vinteren 1906 skreiv Aakjær den kjende diktsamlinga Rugens sange, som er komen ut i over 100 000 eksemplar. Same året fekk han Det Ancherske Legat på 1 800 kroner. Han nytta det til å reisa rundt i Europa. Den mest gjevande staden for han var Skottland, der han vitja alle minnesmerka etter Robert Burns. Han skreiv fem dikt om Burns, som var eit av dei store forbilda hans.

Aakjær samarbeida med forskjellige komponistar. Carl Nielsen skreiv musikk til fleire av Jeppe Aakjær sine dikt, mellom anna «Jens Vejmand», som vart ein stor slager byrjinga av 1900-talet. Ein annan kjend song av Aakjær er «Jeg er havren», som er vorte kjend i heile Norden.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Jeppe Aakjær var først gift med forfattaren Marie Bregendahl, som òg kom frå Fjends. Dei fekk sonen Svend Aakjær (1894–1963), som var landsarkivar på arkivet i Viborg frå 1929 og enda karrieren sin som riksarkivar. Paret blei skilt i 1899.

Seinare budde han på garden JenleSalling nord for Skive med den andre kona si, Nanna Aakjær, som var biletskjerar. Dei flytta inn på den nybygde garden i 1907 like etter bryllaupet. Dei fekk borna Solveig Aakjær (f. 1908) og Esben Aakjær (f. 1911).

Lokalhistoriske bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Hedevandringer, 1915 (som er trykt opp att 1995 ISBN 87-7466-247-3)
  • Langs Karupaaens Bred, 1929
  • Fra Agermuld og Hedesand, 1930
  • Konge, Adel og andre Sallingboer, 1930
  • Gammel brug og gammel Brøde, 1931
  • Muld og Mænd, 1932
  • Fra Sallingland til Øresund, 1932

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jeppe Aakjær