Jerez de la Frontera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jerez de la Frontera
Påske i Jerez 2007
Påske i Jerez 2007
Flagget til Jerez de la Frontera Byvåpenet til Jerez de la Frontera
Flagget til Jerez de la Frontera Byvåpenet til Jerez de la Frontera


Plassering
Jerez de la Frontera is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Andalucía
Provins Cádiz
Borgarmeister Pilar Sánchez Muñoz
Geografi
Flatevidd
 - By

1 188,14 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

205 364
  172,8 /km²
Koordinatar 36°40′″N 6°7′″WKoordinatar: 36°40′″N 6°7′″W
Høgd over havet 56 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 11401 - 11409
Nettstad: www.webjerez.com

Jerez de la Frontera er ein by i provinsen Cádiz i den autonome regionen Andalucía sørvest i Spania. Han ligg midt mellom havet og fjella. I 2008 var byen den største i provinsen med litt over 200 000 innbyggjarar og den femte største i Andalucía. Byen har vorte eit transport- og kommunikasjonssenter i provinsen, og har på dette området vorte viktigare enn provinshovudstaden Cádiz. Jerez de la Frontera er òg den største kommunen i provinsen målt i areal og har frodige jordbruksområde. Det finst òg mange kveg- og hestefarmar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jerez i 1835.

Området rundt Jerez de la Frontera har vore busett sidan bronsealderen eller sein steinalder.

Sidan då har Jerez vore dominert av fem kulturar, tartessarar, fønikarar, romarane, muslimar, jødar og kristne.

Namnet går tilbake til det fønikiske Xera, Sèrès, og seinare romanisert som Ceret.

Jerez var eit lite sjølvstendig emirat frå om lag 1030 etter at Emiratet Córdoba fall. Nokre år seinare vart det slått saman med Arcos av Aben Jairuan som styrte begge om lag 1040-1053. I 1053 vart det lagt under Sevilla. Frå 1145 til 1147 var regionen Arcos og Jerez ei kort tid eit emirat under Granada, leia av Aben Garrum.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jerez de la Frontera

Kjelder[endre | endre wikiteksten]