Jernbane i Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jernbanane i Europa vert drivne etter ulike system og med ulike strukturar både med omsyn til organiseringa av jernbaneselskapa og med omsyn til dei tekniske løysingane. Gamle, nasjonale jernbanestadardar og tekniske løysingar har skapt mange hindringar for at tog kan passere grensene mellom landa i Europa utan problem. Dei tekniske problema gjeld ulike sporvidder, signalsystema, ulike system for elektrisk drift av toga og ulike krav til fritt rom (profilen) kring det rullande materiellet, til dømes under bruer, i tunnelar og langs perrongar på stasjonar. På det formelle planet er det knytt problem til at det gjeld ulike føresegner i dei ulike landa for kva som krevst for å kunne køyre toga. Problematisk kan det dessutan vere i mange høve at innføringa av fri konkurranse mellom mange ulike jernbaneselskap på dei ulike linjene har avløyst den einskapen og dei samarbeidsordningane som dei store nasjonale jernbaneselskapa stod for.

Sporvidda på europeiske jernbanar[endre | endre wikiteksten]

Sporvidda vert rekna mellom innerkant av skjenene.

I Europa er det fire ulike sporvidder (avstandar mellom innerkant av skjenene) i bruk på hovudjernbanenettet:

  • Standard sporvidd, som er mest utbreidd: 1 435 millimeter (som svarar til 4 fot 8½ tomme), og er av engelsk opphav. Er sporvidda større enn dette, er linja breispora, er sporvidda mindre, er linja smalspora.
  • Spansk og portugisisk standard: 1 668 millimeter
  • Russisk standard: 1 520 millimeter, som er i bruk i Russland, Kviterussland, Ukraina, Baltikum og Finland og ei linje i Polen
  • Irsk standard: 1 600 millimeter, som er i bruk i Irland.
  • Alle linjene for høgfartstoga i Europa nyttar standard sporvidd, inkludert linjene for høgfartstoga i Spania.
  • I tillegg til desse sporviddene finst det i Europa ei mengd smalspora sekundærbanar med sporvidd på 1 000 millimeter eller 1 067 millimeter.

Ulikskapane i val av sporvidd kan vere eit resultat av usemje mellom jernbaneingeniørane om kva som var best, eller det kan vere militærstrategiske tankar som ligg bak, altså at ein erobrar ikkje skal kome køyrande inn over grensa med sitt eige rullande materiell. Dette var eit viktig omsyn å ta i jernbanens tidlege tid.

Signalanlegga[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange ulike signalsystem på jernbanane i Europa, i somme høve jamvel innanfor det einskilde landet, som gjer det vanskeleg å samordne tryggingsystema på dei lokomotiva som kryssar grensene. Til dømes må jernbaneselskapet Thalys International nytte seks ulike signalsystem på høgfartstoga på strekninga ParisBrusselKölnAmsterdam: KVB og TVM i Frankrike, TBL og TVM i Belgia, ATB i Nederland og LZB og Indusi i Tyskland. For å harmonisere signalsystemet på dei europeiske jernbanane, og såleis òg gjere reisetida stuttare, har Den europeiske unionen sett seg føre å få i gang eit sams signalsystem kalla ERMTS (système européen de surveillance du trafic ferroviaire).

Men i tillegg til ulike signalsystem, er det òg andre ulikskapar mellom landa. I til dømes Tyskland, Nederland og Noreg køyrer toga på høgre sporet på dobbeltspora linjer, medan i Frankrike, med unnatak av Alsace og Mosell, og i Belgia og Storbritannia, køyrer toga på det venstre av dei to spora. Då signala står plassert på den sida av sporet som samsvarar med at toga skal køyre på det venstre, respektive på det høgre sporet, og førarplassen ofte er på den eine sida i lokomotivet, vil det ofte verte vanskeleg for lokomotivføraren å kunne sjå signala godt når toget går over frå å køyre på det eine til å køyre på det andre sporet ved kryssing av landegrenser. For å løyse problemet har det difor vorte vanleg på nyare tog å plassere lokomotivføraren på midten i førarkabinen, og utforme fronten på lokomotivet eller toget i samsvar med dette.

Straumforsyninga[endre | endre wikiteksten]

På dei elektrifiserte banane i Europa finst det av historiske årsaker fleire ulike straumforsyningssystem:

Likestraum:

  • Storbritannia: 750 volt
  • Frankrike og Nederland: 1500 volt
  • Italia, Belgia, Spania, Polen og Tsjekkia: 3000 volt.

Vekselstraum: