Jarnbyrd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jernbyrd)
«Harald Gille går over gloande jarn»
Teikning av Gerhard Munthe til Heimskringla.

Jarnbyrd, jernbyrd (norr. járnburðr), jarnprøve eller jernprøve er ei nemning på ei prøve brukt i mellomalderen for å finna ut om nokon snakka sant. Dei som blei prøva skulle bera eller gå på gloheitt jarn. Dersom dei klarte det uskadde, var det bevist at dei hadde snakka sant.

Jarnbyrd kunne gå føre seg ved at den som påstod noko greip eit stykke jarn frå kokande vatn og gjekk ni skritt med det i hendene. Var hendene uskadd og utan brannsår tre dagar etter, hadde Gud sjølv gjeve eit teikn på at dei snakka sant.

Prøven kunne til dømes nytta til å finna ut om ein påstått kongeleg arving verkeleg stamma frå ein konge. Mellom anna skal Inga frå Varteig ha bore jarn for å bevisa at sonen Håkon hadde kong Håkon Sverresson til far. Ein som var skulda for eit alvorleg brotsverk kunne òg visa at han var uskuldig ved å klara jarnprøven.

Det var den kristne kyrkja sjølv som innførte tradisjonen om at ein kunne finna sanninga ved hjelp av jarnprøven. Men paven gjekk imot metoden i 1216, og han blei avskaffa av den norske kyrkja i 1247.

Gunnar Reiss-Andersen skreiv i 1940 diktet «Jernbyrd», der siste vers set samband mellom jernbyrd og den tyske okkupasjonen:

Bærer du jernbyrd mitt land?
- Som en kongsmor, din like,
bar dette brennende purpur
for retten til riket.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]