Jernmeteoritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tamentitt-jernmeteoritt, funnen i 1864 i Sahara,[1] med vekt på kring 500 kg. På utstilling i parken Vulcania i Frankrike.

Jernmeteorittar eller siderittar er meteorittar som består av ein stor del jernnikkel-legeringar kjend som meteorisk jern. Dette består vanlegvis at to mineralfasar, kamasitt og taenitt. Jernmeteorittar kjem frå planetkjernar frå planetesimalar.[2]

Jernmeteorittar, eller det meteoriske jernet deira, var ein av dei tidlegaste kjeldene til jern som kunne nyttast av menneske, før ein oppdaga smelting som signaliserte starten på jernalderen.

Jernmeteorittane er forholdsvis sjeldne samanlikna med steinmeteorittar, og utgjer berre omkring 5,7 % av dei observerte nedfalla.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tamentit meteorite at Meteoritical Bulletin Database.
  2. M. K. Weisberg; T. J. McCoy, A. N. Krot (2006). «Systematics and Evaluation of Meteorite Classification». I D. S. Lauretta, H. Y. McSween, Jr.. Meteorites and the early solar system II. Tucson: University of Arizona Press. ss. 19–52. ISBN 978-0816525621. 
  3. Emiliani, Cesare (1992). «Meteorites». Planet earth: cosmology, geology, and the evolution of life and environment. Cambridge University Press. s. 152. ISBN 978-0-521-40949-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jernmeteoritt