Jernporten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jernporten i Donau
Kart

Jernporten eller Jarnporten (rumensk Porţile de Fier, serbisk Đerdapska klisura/Ђердапска клисура, ungarsk Vaskapu, tyrkisk Demirkapı, tysk Eisernes Tor, kviterussisk Железни врата) er ei stor kløft i Donau. Ho dannar delar av grensa mellom Serbia og Romania. Stundom vert Jernporten nytta som namn på ein 134 km lang del av elva, medan det i andre tilfelle berre vert nytta om den siste vesle biten, like etter den rumenske byen Orşova der det er bygd ei demning med to kraftstasjonar.

Kløfta ligg mellom Romania i nord og Serbia i sør. Langs dette stykket skil elva dei sørlege Karpatane frå dei nordvestlege lavberga ved Balkanfjella. Dei rumenske og ungarske namna, Porţile de Fier og Vaskapu, tyder bokstavleg talt «Jernporten» og vert nytta som namn på heile kløfta. Eit alternativt rumensk namn på den siste delen av kløfta er Clisura Dunării eller «Donaukløfta». På serbisk vert heile kløfta kalla Đerdap og den siste delen Đerdapska klisura. På den rumenske sida av kløfta ligg Jernporten naturpark og på den serbiske sida ligg Đerdap nasjonalpark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]