Jernsporv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Jernsporv |
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | fuglar | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Prunellidæ | |
| Slekt: | Prunella | |
| Vitskapleg namn | ||
| Prunella modularis | ||
Jernsporv eller jarnsporv (Prunella modularis) er ein liten sporvefugl som held til i tempererte delar av Europa og Asia, og som ein introdusert art i New Zealand. I Noreg er han ein trekkfugl som kjem i april/mai.
Den stillfarande jernsporven kjem hit i mars/april og byggjer reiret sitt i små einar eller i grantre. Jernsporvreiret er bygt av grøn mose med tilsetting av skjegglav, strå, kvist og fora med raude sporehusstilkar frå mose.
Tidleg i mai stiller hannfuglen seg opp i toppen av eit grantre eller liknande og framfører sin spinkle, melodiøse sang. Fuglen er sky og vanskeleg å kome nær.
Egga (5-6) er blågrøne. Rugetida er som for andre småfuglar. 12-14 dagar. Fuglen kan ha to kull.