Jerry Donahue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jerry Donahue
Jerry Donahue Wetter-Ruhr-Germany 2008.jpg
Jerry Donahue spelar på sin Peavey Omniac JD i 2008
Fødd 24. september 1946, Manhattan i New York City
Instrument Gitar
Sjanger Folkrock, elektrisk folk, bluesrock, rock, country
Aktive år 1960-åra til i dag
Yrke Musikar, produsent
Tilknytte artistar Fotheringay, Fairport Convention, Hellecasters, Gathering - Legends of Folkrock,
Nettstad [http://Offisiell nettstad Offisiell nettstad]
Kjende instrument
Fender Telecaster og Stratocaster signaturmodellar, Peavey Omniac JD signaturmodell

Jerry Donahue (fødd 24. september 1946) er ein amerikansk gitarist og plateprodusent, som hovudsakleg er kjend for arbeidet sitt i det britiske folkrockmiljøet som medlem av Fotheringay og Fairport Convention, samt som medlem av gitartrioen The Hellecasters.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Donahue vart fødd i New York som son av storbandsaksofonisten Sam Donahue og skodespelarinna Patricia Donahue. Han voks opp i Los Angeles. Donahue gjekk i lære for å spele klassisk gitar i barndommen, men det var Gerry McGee (seinare medlem av The Ventures) som gjorde størst inntrykk på han, då han 14 år gammal såg spele gitar på Sea Witch, der McGee etterliggna banjoteknikken til Earl Scruggs. Donahue gjekk så i lære hos McGee. Donahue har òg omtalt Amos Garrett som ei stor inspirasjonskjelde for teknikken hans, samt Chet Atkins, Duane Eddy, The Shadows og The Ventures. Seinare vart han òg påverka av Clarence White, Danny Gatton, Albert Lee, Tommy Emmanuel og Robben Ford.[1][2][3]

Etter å ha flytta til England vart Donahue snart eit respektert medlem av det blømande britiske folkrockmiljøet. Som bandmedlem spelte han med Poet and the One Man Band, Fotheringay og Fairport Convention. Seinare spelte han inn og/eller turnerte med artistar som Joan Armatrading, Gerry Rafferty, Robert Plant, Elton John, The Proclaimers, Johnny Hallyday, George Harrison, Cliff Richard, Chris Rea, Warren Zevon, Bonnie Raitt, Hank Marvin, Roy Orbison, Nanci Griffith og The Yardbirds. I 1990 danna han gitartrioen The Hellecasters med Will Ray og John Jorgenson.[3] Dei spelte inn fleire instrumentalalbum og turnerte mykje gjennom 1990-åra. Donahue gav ut opplæringsvideoar og har nyleg produsert soloprosjekt, som Sandy Denny sitt Gold Dust (1998) og The Animals sitt Instinct (2004)[4] samt laga ferdig det andre albumet til det kortlevde folkrockbandet Fotheringay i 2008.[5]

Nyleg danna Donahue bandet Gathering - Legends of Folkrock med Clive Bunker, Rick Kemp, Ray Jackson, Doug Morter og dottera Kristina Donahue.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fotheringay: Fotheringay (Island 1970)***.
  • Fairport Convention: Rosie (Island, March 1973)
  • Fairport Convention: Nine (Island, October 1973)
  • Fairport Convention: A Moveable Feast (Island, October 1974)
  • Fairport Convention: Rising for the Moon (Island, July 1975)
  • Jerry Donahue: Telecasting (Spindrift, 1986)
  • Jerry Donahue: Meetings (Fun, 1988)
  • Jerry Donahue: Neck of the Wood (Cross Three, Road Goes on... 1992)
  • Jerry Donahue: Country Tech (CPP, Warner Bros., 1992)
  • Jerry Donahue: Telecasting Recast (Pharaoh, 1999)
  • Fotheringay: 2 (Fledg'ling, 2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]