Jerry Garcia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jerry Garcia
Grateful Dead - Jerry Garcia.jpg
Verkeleg namn Jerome John Garcia
Fødd 1. august 1942
San Francisco i California i USA
Død 9. august 1995 (53 år)
Forest Knolls i California i USA
Instrument Gitar, pedalsteelgitar, banjo, vokal
Sjanger Folkrock, jam, bluegrass, countryrock, jazz, rock and roll, psykedelisk rock, rhythm and blues, bluesrock
Aktive år 1960–1995
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Grateful Dead, Legion of Mary, Reconstruction, Jerry Garcia Band, Old and in the Way, Jerry Garcia Acoustic Band, New Riders of the Purple Sage
Plateselskap Rhino, Arista, Warner Bros., Akustisk Disc, Grateful Dead
Nettstad www.jerrygarcia.com
Kjende instrument
Gibson SGar
Guild Starfire
1957 Gibson Les Paul
Gold-top Les Paul med P-90
Fender Stratocaster "Alligator"
Doug Irwin-modified Alembic "Wolf"
Doug Irwin Custom "Tiger"
Doug Irwin Custom "Rosebud"
Stephen Cripe Custom "Lightning Bolt," Martin D-28, Takamine akustisk-elektrisk gitarar

Jerome John «Jerry» Garcia (1. august 19429. august 1995) var ein amerikansk musikar best kjend som sologitarist, vokalist og låtskrivar i Grateful Dead.[1][2] Sjølv om han ikkje likte rolla, vart Garcia av mange sett på som frontmannen i gruppa.[1][2][3][4]

Som ein av grunnleggjarane spelte Garcia i Grateful Dead gjennom heile den 30 år lange tida dei eksisterte (1965–1995). Garcia starta og deltok òg i mange sideprosjekt, som Saunders-Garcia Band med venen Merl Saunders, Jerry Garcia Band, Old and in the Way, den akustiske duetten Garcia/Grisman og Legion of Mary.[1] Garcia var med å starte New Riders of the Purple Sage med John Dawson og David Nelson. Han gav òg ut fleire soloalbum, og medverka på innspelingane til mange andre artistar som studiomusikar. Han hadde ein særeigen gitarstil og vart rangert som den 13. beste gitaristen gjennom tidene av Rolling Stone.[5] I seinare år vart Garcia stundom sjuk på grunn av ustabil vekt, og i 1985 gjekk han inn i diabeticum, som nesten kosta han livet. Sjølv om helsa hans betra seg noko etter dette, kjempa han òg mot heroinavhengigheit,[3][4] og var lagt inn på eit rehabiliteringssenter i California då han døydde av hjarteattakk i august 1995.[2][4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Grateful Dead.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Jerry Garcia biography». Allmusic biographies. All Media Guide, LLC. http://www.allmusic.com/artist/jerry-garcia-p4339/biography. Henta 6. februar 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Garcia, Jerome John». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. 2007. http://www.britannica.com/eb/article-9112102/Garcia-Jerome-John. Henta 6. februar 2011. 
  3. 3,0 3,1 «The Grateful Dead». Rock and Roll Hall of Fame Inductees. The Rock and Roll Hall of Fame and Museum, Inc. 1994. http://www.rockhall.com/inductee/the-grateful-dead. Henta 6. februar 2011. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Compiled by Stratton, Jerry (1995). «Collection of news accounts on Jerry Garcia's death». Jerry Garcia: New Accounts First. http://www.hoboar.com/pub/Fenario/Jerry/News.html. Henta 2007-04-08. 
  5. «The 100 Greatest Gitarists of All Time». Cover stories. Rolling Stone. 2003. Arkivert frå originalen den 2007-07-05. http://web.archive.org/web/20070705144756/http://www.rollingstone.com/news/story/5937559/the_100_greatest_gitarists_of_all_time. Henta 2007-07-14. 
  6. «Jerry Garcia discography». The Grateful Dead Family Discography. Deaddisc.com. http://www.deaddisc.com/GDFD_JGPerformer.htm. Henta 2007-07-04. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]