Jersey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Bailiwick of Jersey (engelsk)
Bailliage de Jersey (fransk)
Det e flagget
Det e riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Geografisk plassering av Jersey
Offisielle språk Engelsk, fransk, jèrriais (regionalt)
Hovudstad Saint-Hélier
Styresett
Hertug
Viseguvernør
Chief Minister
Monarki
Elisabeth II
John McColl
Ian Gorst
Flatevidd
 - Totalt
 - Del vatn
 
118,2 km²
0 %
Folketal (2004)
 - Tettleik
90 502
Status Britisk kroneigedom
underlagt den britiske krona 1204
Valuta Jersey-pund
(likestilt med britisk pund)
Tidssone UTC
Nasjonalsong «Ma Normandie», «God Save the Queen»
Nasjonaldag Frigjeringsdagen, 9. mai
Internasjonal telefonkode +44-1534


Jersey er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Jersey er del av øygruppa Kanaløyane, som igjen er del av den større øygruppa Dei britiske øyane. Jersey er, på same vis som Isle of Man, formelt ikkje ein del av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland (UK). Jersey er direkte lagd inn under den britiske monarken, som ein kroneigedom. Utanrikspolitikk og forsvarspolitikk vert for det meste teke hand om av britiske styresmakter.

Bailiwick of Jersey omfattar i tillegg små øygrupper som ikkje lenger er busette, Minquiers, Écréhous og Pierres de Lecq[1] i tillegg til andre holmar og skjer.

Jersey er ikkje eit fullt medlem av Den europeiske unionen, men er ein del av tollområdet i EU.[2]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Jersey er ein bailiwick (fogdesokn) med dronning Elisabeth II som statssjef. Dronninga er representert i fogdesoknet av ein viseguvernør. Det lokale styringsorganet er States of Jersey, som består av fogden (Bailiff) og visefogden, 55 valte medlemmar og tre ex officio-medlemmar utan stemmerett. Dei valte medlemmane er: 12 senatorar (valt kvart 6. år), 12 herredsoverhovud (valt kvart 3. år) og 29 representantar (valt kvart 3. år). Medlemmer ex officio er: domprosten, generaladvokaten og generalsakføreren (alle utnemnd av monarken).

Jersey har ingen politiske parti og ingen statsminister. Fogden fungerer som formann både for styringsorganet og den kongelege domstolen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til øya Jersey er prega av den strategiske posisjonen mellom den nordlege kysten av Frankrike og sørkysten av England. Den nedskriven historia til øya strekkjer seg over tusen år.

Det er vorte funne spor mange stadar på øya etter både bronsealder- og jernalder-busetnader. Medan ein har arkeologiske funn frå romartida, spesielt på kysten ved Le Pinacle, Les Landes med funn av ein enkel struktur som ein meiner har vore romersk tempeldyrking (fanum), har spor etter romersk busetnader vore vanskelegare å påvise.[3]

Under kontroll av Bretagne og med namnet Angia (òg skrive Agna)[4] vart Jersey påverka av norrøne invasjonar og busetnader frå 800-talet og framover, og øya har sidan vore rekna som ei av dei normanniske øyane.

Namnet «Jersey» har truleg norrønt opphav, sidan endinga «ey» er norrønt for øy og tilsvarande namn finn ein fleire stader nord i Europa. Første stavinga «Jers» er derimot vanskelegare å finne opphavet til. Av dei kreative forslaga finst teorien at det er avleidd frå jarth, norrønt for jord, eller den norrøne tittelen jarl, men kan òg ha vore eit personleg namn som Geir, noko som opphavleg vil ha gjeve namnet «Geirsøy», sidan forvanska til Jersey. [5]

Støtte for eit keltisk namneopphav kan bli gjort frå det galliske gar (eik), ceton (skog). Det har òg vorte påstått at namnet er ei forvansking av det latinske Caesarea, namnet til romarane på øya, som har vorte påverka av den gammelengelske endinga ey for øy. Dette er berre mogeleg om den lokale uttalen av latinske Caesarea ikkje vart uttalt kaisarea, men tfersarea.[6][7]

Øya vart til slutt annektert under Hertugdømet Normandie ved Vilhelm Langsverd, hertug av Normandie i 933. Etterkomarane hans, Vilhelm Erobraren, invaderte England i 1066, noko som førte at hertugdømet Normandie og kongedømet England vart styrt under éin monark. [8]Hertugane av Normandie eigde store eigedomar på øya, og normanniske familiar som levde på eigedomane deira danna mange av dei historiske normannisk-franske familienamna.

Kong Johan mista alle områda til England på fastlandet Normandie i 1204 til kong Filip II av Frankrike, men haldt posisjonane sine på Jersey saman med Guernsey og dei andre Kanaløyane. Øyane har vore lokalt sjølvstyrte sidan den gong.[9]

Øybuarane vart involvert med fiske på Newfoundland på slutten av 1500-talet. Som respekt for den hjelpa som vart gjeve til han i løpet av dei åra han var i eksil på Jersey på 1640-talet gav Karl II av England guvernør George Carteret ein stor del land i dei amerikanske koloniane og som han så døypte om til New Jersey, no ein del av USA.[10][11]

Handel gav grunnlaget for framgang, hjelpt av nøytraliteten mellom England og Frankrike. [12] Levemåten på Jersey betydde jordbruk, fiske, skipsbygging og produksjon av ullvarer frå sau, men heilt frå 1800-talet førte den stadig betre sjøtransporten til turisme på øya.

Jersey vart okkupert av Tyskland frå 1. juli 1940 og vart halde fram til 9. mai 1945.[13]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Sokn på Jersey

Jersey er delt inn i tolv sokn

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jersey

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Walking — Walking Routes — Moonwalks». Jersey Tourism. http://www.jersey.com/content_page.asp?id=127. 
  2. «Jersey's relationship with the European Union». Home Affairs, Customs & Immigration, Customs & Excise; Traders Information. States of Jersey. http://www.gov.je/HomeAffairs/CusAndImm/Customs+and+Excise/Traders+Information/Jerseys+relationship+with+the+European+Union/. Henta 4. februar 2010. 
  3. Countryside Character Appraisal — Character Area A1: North Coast Heathland. States of Jersey.
  4. Jersey Post: History of stamps
  5. Oppslagsordet «Jersey» i Concise Dictionary of World Place-Names. John Everett-Heath. Oxford University Press 2005. Oxford Reference Online. Oxford University Press.
  6. Harper, Douglas (November 2001). Online Etymological Dictionary.
  7. Le Messurier, H. W. (Desember 1916). «The Early Relations between Newfoundland and the Channel Islands». Geographical Review 2 (6): s.449. DOI:10.2307/207514
  8. A Short Constitutional History of Jersey. Voisin & Co. (1999-05-18).
  9. Liddicoat, Anthony (1 August 1994). A Grammar of the Norman French of the Channel Islands. Walter de Gruyter, s.6. ISBN 3-11-012631-1.
  10. Weeks, Daniel J. (1 May 2001). Not for Filthy Lucre's Sake. Lehigh University Press, p.45. ISBN 0-934223-66-1.
  11. Cochrane, Willard W. (30. september 1993). The Development of American Agriculture. University of Minnesota Press, p.18. ISBN 0-8166-2283-3.
  12. Ommer, Rosemary E. (1991). From Outpost to Outport. McGill-Queen's University Press, p.12. ISBN 0-7735-0730-2.
  13. Bellows, Tony. What was the «Occupation» and why is «Liberation Day» celebrated in the Channel Islands?. Société Jersiaise.