Jerusalemstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jerusalemstein i Vestmuren i Jerusalem.

Jerusalemstein (arabisk حجر القدس ; hebraisk אבן ירושלמית) er ein type bleik kalkstein, dolomitt og dolomittisk kalkstein, som er vanleg i Jerusalem-området. Han har vore brukt til byggjestein sidan antikken.[1] Ein av desse kalksteinane, meleke, er brukt i mange av dei mest kjende byggverka i regionen, som Vestmuren.

Jerusalemstein vert framleis nytta som byggstein og i jødiske seremoniartiklar som menoraer og sedertallerkenar. I 2000 var det 650 steinbrotselskap drivne av palestinararVestbreidda.[2]

Naturleg jerusalemstein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Is Jerusalem stone under threat?
  2. Palestinians' stones cut both ways Ilene Prusher, The Christian Science Monitor, 4. januar 2000