Jesu namnedag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jesu namnedag vert i lutherske og katolske kyrkjer feira nyårsdagen, 1. januar, eller ein nærliggjande dag i januar. Dagen vart opphavleg feira som dagen for Jesu omskjering, og er samstundes oktaven, den åttande festdagen, i julefeiringa. I dei vestlege kyrkjene har dagen etter kvart gått over til ei feiring av Jesu namnedag, og vekta vert lagt på tydinga av namnet Jesus: «Herren frelser». Det var denne dagen Jesus fekk namnet sitt.[1]

Salmar som er skrivne for Jesu namnedag vektlegg frelsa som ligg i Jesu namn, jf. Apostelgjerningane 4,12.[2] Den mest kjende salmen for dagen er «Navnet Jesus» av David Welander, eit anna døme er Blix-salmen «Gamleåret seig i hav».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]