Jesus Freak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jesus Freak
Studioalbum av dc Talk
Utgjeve 1995
Innspelt 1995
Sjanger Rock, pop
Selskap Forefront Records
dc Talk-kronologi 
Free at Last
(1992)
Jesus Freak Welcome to the Freak Show
(1997)


Jesus Freak er dc Talk si fjerde cd-utgjeving, og den siste dei gav ut på Forefront Records. Plata kom ut i 1995.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Heile sju songar frå plata vart utgjevne som singlar: «Jesus Freak», «Between You and Me», «What If I Stumble?», «Like It, Love It, Need It», «Colored People», «In the Light» og «Mind's Eye».

dc Talk hadde tidlegare gjeve ut plater som var meir prega av hip-hop, men gjekk no over til rein rock, noko som overraska både fansen og kritikarane. Jesus Freak vann Grammy-prisen for beste rock gospel-plate i 1997.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

The greatest single cause of atheism
in the world today is Christians
who acknowledge Jesus with their lips
and then walk out the door
and deny Him by their lifestyle.
That is what an unbelieving world
simply finds unbelievable.

Brennan Manning, på «What If I Stumble?»

Uttrykket «Jesus freak» var opphavleg eit nedverdigande uttrykk frå USA på 1960- og 1970-talet. Ein «jesus freak» var ein person som var med i Jesusrørsla, den kristne greina innanfor hippie-rørsla.[2]

Tematikken på plata dreier seg om t.d. rasisme, tilgjeving, religiøs hyklarskap og tru på Gud.

Plata var eksperimentell i forma. Fleire stader har ho med opptak av folk som held ein tale, før eller midt inni ein song. På «Mind's Eye» kan ein høyra Billy Graham som samanliknar Gud med vinden: «I've never seen the wind! I've seen the effects of the wind, but I've never seen the wind.» Sporet «What If I Stumble» startar med eit opptak av teologen Brennan Manning som fortel om kristne som fornektar Jesus med livsstilen sin sjølv om dei seier at dei fylgjer han.

«Alas, My Love»[endre | endre wikiteksten]

Det siste sporet, «Alas, My Love» er eit såkalla gøymt spor som startar med ei lang togn så lyttaren kan koma til å tru at plata er over. På den opphavlege versjonen av cd-en står det heller ikkje nokon tittel på det 13. sporet.[3] Etter om lag to minutt med stille kjem plutseleg nokre strykarar langsamt inn før Kevin Max Smith tek til å lesa høgt eit sjølvskrive dikt; «Alas, My Love». Etter kvart kjem også fleire instrument inn og akkompagnerer Smith medan han les. Diktet handlar om Jesu lidingar på krossen.

Kevin Max Smith er både musikar og poet og har gjeve ut fleire diktsamlingar.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

  1. «So Help Me God» – 4:39
  2. «Colored People» – 4:26.
  3. «Jesus Freak» – 4:50. '
  4. «What If I Stumble?» – 5:06
  5. «Day By Day» – 4:30.
  6. «Mrs. Morgan» – 0:57
  7. «Between You and Me» – 4:59.
  8. «Like It, Love It, Need It» – 5:23
  9. «Jesus Freak (Reprise)» – 1:17
  10. «In the Light» – 5:06.
  11. «What Have We Become?» – 6:09.
  12. «Mind's Eye» – 5:17
  13. «Alas, My Love» – 5:18.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Price, Deborah (23. november 1996). «Virgin to Take DC Talk Mainstream». Billboard. s. 105. Henta 21. juli 2010. 
  2. «Definition of JESUS FREAK», www.merriam-webster.com (på engelsk), henta 13. mai 2023 
  3. (1995) Plateomslagstekst for Jesus Freak. Forefront Records.