Jethro Tull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jethro Tull

Jethro Tull med Neue Philharmonie Frankfurt i juni 2007
OpphavBlackpool og Luton i England
Aktiv1967 til i dag
SjangerProgressiv rock, folkrock, bluesrock, hardrock, elektronisk musikk, heavy metal
Tilknytte artistarFairport Convention
Lucia Micarelli
Steeleye Span
Blodwyn Pig
Wild Turkey
PlateselskapChrysalis, Eagle, Roadrunner, EMI, Capitol, Island, Fuel 2000, Reprise
MedlemmerIan Anderson
Martin Barre
Doane Perry
David Goodier
John O'Hara
Tidlegare medlemmerSjå Medlemmar

Jethro Tull er ei britisk rockegruppe danna i Luton i Bedfordshire i desember 1967.[1] Musikken deira er karakterisert av song, akustisk gitar og fløyte spelt av Ian Anderson, som har leia bandet sidan starten, og gitararbeidet til Martin Barre, som har vore med bandet sidan 1969, då han erstatta den originale gitaristen Mick Abrahams.

Dei byrja å spele bluesrock med ein eksperimentell smak, men har sidan nytta element av klassisk musikk, folkemusikk, jazz, hardrock og kunstrock i musikken sin.[2]

Dei er eit av dei mestseljande banda i verda og har seld meir enn 60 millionar album verda over[1] i løpet av ein karriere som har vart meir enn førti år.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1962–68: starten[endre | endre wikiteksten]

Ian Anderson starta det første bandet sitt, The Blades, i Blackpool i England i 1962. Gruppa bestod av Anderson på vokal og munnspel, Jeffrey Hammond på bass, John Evans på trommer, og ein gitarist kalla anten Hipgrave eller Michael Stephans.[3] Trommeslagar Barrie Barlow vart offisielt medlem i 1963 etter Evans hadde bytta frå trommer til piano.[4] I 1964 hadde bandet utvikla seg til eit sju mann stort blue-eyed soul-band kalla The John Evan Band (seinare The John Evan Smash). På dette tidspunktet hadde Evans korta ned etternamnet sitt til Evan etter forslag frå Hammond, som meinte det høyrdest betre ut og var meir uvanleg.

I 1967 flytta bandet til London-området og slo seg ned i nærleiken av Luton;[1] dei reiste òg til Liverpool. Men dei hadde lite pengar og etter berre få dagar flytta dei fleste i bandet nordover att, og forlét Anderson og bassist Glenn Cornick (som hadde erstatta Hammond). Dei slo seg saman med bluesgitarist Mick Abrahams og venen hans, trommeslagar Clive Bunker, begge frå det Luton-baserte bandet McGregor's Engine.[5] I starten hadde bandet problem med å få spelt på same stad to gonger, så dei starta å byte namn ofte for å få spele kring London. Ofte vart det agentane deira som kom på nye namn, og ein av desse, ein historieinteressert agent, kalla dei Jethro Tull etter agronomen på 1700-talet. Namnet vart hengande ved dei fordi dei nytta dette namnet første gongen ein klubbeigar likte dei godt nok til at dei vart inviterte attende.[6] Dei signerte kontrakt med det oppåtkomande agentfirmaet Ellis-Wright, og vart det tredje bandet som vart styrt av det som kom til å verte Chrysalis. Det var kring denne tida at Anderson kjøpte ei fløyte då han var frustrert over å ikkje klare å spele gitar som Eric Clapton:

«Eg ønskte ikkje å verte endå ein tredjerangsgitarist som høyrdest ut som ein haug andre tredjerangsgitaristar. Eg ønskte å gjere noko som var meir særeige, og byta derfor til eit anna instrument. Då Jethro Tull starta trur eg at eg hadde spelt fløyte kring to veker. Det var ein rask læringskurve...bokstavleg talt kvar kveld når eg gjekk på scenen så var det ein fløyteleksjon.»[7]

Den første singelen deira, «Sunshine Day», kom ut i 1968. Han var skriven av Abrahams og produsert av Derek Lawrence, og selde dårleg. På den originale britiske MGM-etiketten var namnet på gruppa stava feil, «Jethro Toe», og vart eit samlarobjekt.[8]

Dei gav ut det første albumet, This Was, i 1968.[1] I tillegg til musikk skriven av Anderson og Abrahams, inneheld albumet den tradisjonelle «Cat's Squirrel», som la vekt på bluesrockstilen til Abrahams. Eit jazz-stykke skriven av Rahsaan Roland Kirk, «Serenade to a Cuckoo», gav Anderson høve til å syne seg fram på fløyte, eit instrument han hadde starta å spele berre eit halvt år før albumet kom ut.[7] Stilen til gruppa vart skildra i Record Mirror av Anderson i 1968 som «ein slags progressiv blues med litt jazz».[9]

Etter albumet forlet Abrahams bandet etter ein krangel med Anderson og danna sitt eige band, Blodwyn Pig.[1] Det var fleire årsaker til at Abrahams slutta: han var ein rein bluesartist, medan Anderson ønskte å spele andre former for musikk; Abrahams ønskte ikkje å reise utanlands eller spele meir enn tre kveldar per veke; eller det var rett og slett ikkje mogeleg for bandet å eksistere med to så viljesterke personar som Anderson og Abrahams som drog i forskjellige retningar.[10][11] Abrahams skildra årsaka meir kortfatta: «Eg var lei av alt tullet, og ønskte å danne eit band som Blodwyn Pig.»[12]

Gitarist Tony Iommi, frå gruppa Earth (som kort tid etter endra namnet sitt til Black Sabbath), spelte gitar ei kort stund etter at Abrahams forlet bandet, og spelte på The Rolling Stones Rock and Roll Circus, der gruppa (utanom vokalen til Anderson, som vart spelt inn live) mima til «A Song For Jeffrey» i desember 1968.

Iommi drog attende til Earth. David O'List (som nettopp hadde forlate the Nice) spelte òg ei kort stund gitar for Jethro Tull og vart rekna som ein mogeleg erstattar for Abrahams, men dette vart aldri noko av.[13]

1969–76: utviklinga av sin eigen stil[endre | endre wikiteksten]

Etter at dei heldt prøvespelingar for ein ny gitarist i desember 1968, valde Anderson Martin Barre, eit tidlegare medlem av Motivation, Penny Peeps og Gethsemane, som spelte med Noel Redding's Fat Mattress på den tida. Barre var så nervøs på den første prøvespelinga at det var så vidt han klarte å spele i det heile, og møtte så opp ein gong til utan forsterkar eller gitarleidning til forsterkaren.[5] Likevel vart Barre den permanente erstatninga for Abrahams på gitar og den lengstvarande medlemmen i bandet etter Anderson. Ein annan gitarist som prøvespelte for bandet var Steve Howe, som seinare vart gitarist i Yes, men han vart ikkje rekna som god nok.

Denne nye besetninga gav ut Stand Up i 1969 det einaste albumet til gruppa som gjekk til topps på albumlista i Storbritannia. Når ein opna plateomslaget spratt eit bilete av gruppa opp, som ei popup-bok. Albumet vart skrive av Anderson aleine, utanom eit jazzaktig arrangement av J. S. Bach sin Bourrée i E-moll BWV 996 (femte sats) – som dreiv lenger bort frå bluesen og var eit tydeleg teikn på ei ny retning for gruppa, som kom til å bli rekna progressiv rock i lag med grupper som Pink Floyd, King Crimson, Genesis, Camel, The Nice, Gentle Giant og Yes. Eit par månader før innspelinga av albumet spelte dei inn ein av dei mest kjende songane sine, «Living in the Past», som opphavleg berre vart gjeven ut som singel. Trass i den uvanlege 5/4-takten nådde songen tredjeplassen i Storbritannia. Sjølv om dei fleste andre progressive grupper unngjekk å gje ut singlar på denne tida, hadde Jethro Tull vidare suksess med andre singlar som «Sweet Dream» (1969) og «The Witch's Promise» (1970), og ein fem songar lang EP kalla Life Is a Long Song (1971), som alle nådde Topp 20. I 1970 tok dei inn klaverspelar John Evan (først som gjestemusikar) og gav ut albumet Benefit.

I desember 1970, vart bassist Cornick «invitert til å forlate» Jethro Tull av manager Terry Ellis, då han hadde vorte distansert frå dei andre meir tilbaketrekte bandmedlemmane,[14][15][16] og han skapte bandet Wild Turkey. Han vart erstatta av Jeffrey Hammond, barndomsvenen til Anderson og Evan og tidlegare Blades-medlem, og som er nemnd i titlane på songane «A Song for Jeffrey», «Jeffrey Goes to Leicester Square», «For Michael Collins, Jeffrey, and Me» og i teksten til songen «Inside» på Benefit. Hammond vart ofte omtalt på plateomslaga til Jethro Tull som «Jeffrey Hammond-Hammond», ein referanse til at mora òg var fødd Hammond, utan å vere i slekt med faren.

Denne besetninga gav ut det mest kjende verket til Jethro Tull, Aqualung, i 1971. På dette albumet synte tekstane til Anderson sterke meiningar om religion. Songen «Hymn 43» vart gjeven ut som singel og fleire songar på albumet vart mykje spelt på FM-radio med «Aqualung», «Cross-Eyed Mary» og «Locomotive Breath». Aqualung vart det første albumet deira som nådde Topp 10 i USA med ein sjuandeplass i juni 1971.[17]

Sidan bandet turnerte særs mykje og det var lite tid til familieliv, forlet trommeslagar Bunker gruppa etter albumet Aqualung[18] og vart erstatta av Barrie Barlow (som fekk namnet «Barriemore» av Anderson) tidleg i 1971. Den første innspelinga til Barlow med bandet var EPen Life Is a Long Song og det første albumet han deltok på var Thick as a Brick frå 1972. Ian Anderson var usamde med kritikarane som hevda at Aqualung hadde vore eit konseptalbum og valde å gje dei «mora av alle konseptalbum», inkludert ein latterleg ide om at teksten var skriven av ein åtte år gammal gut.[19] Albumet bestod av eit enkelt spor som var 43:46 langt (noko som var uhøyrt tidlegare i rockehistoria[20]), delt over to LP-sider, med mange satsar som glei over i kvarandre og med repeterande tema. Den første satsen hadde eit særeige akustisk gitarriff som vart spelt på rockestasjonar på denne tida. Thick as a Brick var det første Tull-albumet som gjekk til topps på den amerikanske Billboard Pop Albums-lista (A Passion Play året etter var det einaste andre). Kvintetten på dette albumet - Anderson, Barre, Evan, Hammond og Barlow – varte fram til slutten av 1975, og var i røynda ei gjenforeining av The Blades, sidan det berre var Barre av dei i bandet som ikkje hadde spelt i The Blades.

Ian Anderson og Martin Barre i Jethro Tull i Chicago, 1973

I 1972 kom Living in the Past ut, eit dobbelt samlealbum av nymiksa singlar, B-sider og unytta studioopptak, samt heile EPen Life Is a Long Song og konsertopptak frå Carnegie Hall i New York frå 1970. Då albumet kom ut vart singelen «Living in the Past» populær i USA og vart den første singelen deira som gjekk inn på Topp 20 der med ein 11. plass.

I 1973 medan bandet var i skatteeksil prøvde dei å spele inn eit dobbeltalbum i Château d'Hérouville i Frankrike (noko The Rolling Stones og Elton John blant andre gjorde på denne tida), men visstnok var dei så misnøgde med kvaliteten på studioet at dei gav seg med det og kalla studioet «Chateau d'Isaster». Eit 11 minuttar langt klipp frå innspelingane finst i plateboksen 20 Years of Jethro Tull frå 1988, og dei komplette «Chateau d'Isaster Tapes» vart gjevne ut i 1993 på samleplata Nightcap, der dei i ettertid hadde lagt fløyte oppå delane der vokalen mangla. Dei vendte attende til England og Anderson omarbeidde musikken som raskt vart spelt inn og gjeven ut som A Passion Play, nok eit konseptalbum med berre eit enkelt spor. Dei allegoriske tekstane fokuserer på livet etter døden. Som på «Thick as a Brick» nytta bandet instrument på A Passion Play som var heller uvanlege i rockemusikk. Albumet inneheldt òg eit mellomspel kalla «The Story of the Hare Who Lost His Spectacles», som vart skriven av Anderson og Evan og lese av bassist Hammond. A Passion Play selde godt men fekk generelt dårlege kritikkar, inkludert ei særleg dårleg melding av ei konsertframføring av Chris Welch i Melody Maker.[21]

Sjølv om bandet vart mindre populært hos kritikarane, hadde dei framleis ein sterk tilhengjarskare og det neste albumet deira, War Child frå 1974, selde godt.[22] Opphavleg var det meininga at albumet skulle kome i lag med ein film og det nådde andreplassen på Billboard 200 i USA. Albumet inneheldt radiohittane «Bungle in the Jungle» og «Skating Away (On the Thin Ice of the New Day)». Det inneheld òg ein kort akustisk song, «Only Solitaire», som vert trudd å vere retta mot musikkritikaren i L.A. Times, Robert Hilburn, som skreiv ei hard melding om Passion Play-konserten i Santa Monica Civic Auditorium.[23] Andre meldingar av War Child hevdar derimot at songen kom frå dei forkasta «Chateau d'Isaster»-innspelingane frå 1973 (før meldinga til Hilburn), og derfor retta mot musikkritikarar generelt.[24] Med seg på War Child-turneen hadde bandet ein kvinneleg strykekvartett som spelte på nye songar.

I 1975 gav bandet ut Minstrel in the Gallery, eit album som minna om Aqualung med rolegare, akustiske gitarstykke blanda med lengre, meir bombastiske stykke med den elektriske gitaren til Barre i fokus. Albumet vart skriven og spelt inn under skilsmissa til Anderson og den første kona hans Jennie Franks, og albumet er karakterisert med sjølvgranskande, kyniske og stundom bitre tekstar. Kritikarar gav det blanda kritikk, men albumet vart sidan rekna som eit av dei beste til bandet av fansen.

For turneen i 1975 vart David Palmer, som lenge hadde gjort orkesterarrangement for bandet, offisielt med i bandet på tangentinstrument og synthesiser. Etter turneen slutta bassisten Hammond for å drive med kunstmaling. John Glascock, som tidlegare hadde spelt i flamenco-rockbandet Carmen, eit oppvarmingsband på den førre turneen til Jethro Tull, vart den nye bassisten.

I 1976 gav bandet ut Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!, eit konseptalbum om livet til ein aldrande rockar (som Anderson insisterte på ikkje var sjølvbiografisk).[25] Anderson, som hadde fått mykje dårleg kritikk (særleg etter A Passion Play), svarte på Too Old... med skarpe og bitande tekstar.

1977–79: Folkrocktriologien[endre | endre wikiteksten]

Ian Anderson i Jethro Tull i Hammersmith Odeon i London i mars 1978

Bandet avslutta 70-åra med tre folkrockalbum, Songs from the Wood, Heavy Horses og Stormwatch. Songs from the Wood var det første Tull-albumet som fekk generelt positive meldingar sidan Living in the Past.

Bandet hadde lenge hatt band til folkrockgruppene Steeleye Span (Tull spelte på soloalbumet til Maddy Prior, Woman in the Wings, som var songar i Steeleye Span og som hadde medverka med vokal på Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!) og Fairport Convention (Fairport-medlemmane Dave Pegg, Martin Allcock, Dave Mattacks og Ric Sanders har alle spelt med Tull på eit tidspunkt, og det same har Gerry Conway som vart Fairport-medlem etter å ha spelt med Tull). Sjølv om bandet ikkje formelt sett vart rekna som ein del av folkrockrørsla (som starta nesten ti år tidlegare med Fairport Convention), var det ei tydleg utveksling av musikalske idear mellom Tull og folkrockarane.[26] På denne tida hadde Anderson flytta til ein gard på landsbygda, og den pastorale livsstilen hans synte seg att i desse albuma, som tittelsporet på Heavy Horses, ei hyllest til trekkhestar.

Bandet heldt fram å turnere og gav ut eit dobbelt konsertalbum i 1978. Det var spelt inn under europeiske delen av Heavy Horses-turneen og fekk namnet Bursting Out. Det inneheld dynamiske konsertversjonar frå besetninga som mange tilhengjarar reknar som gullalderen til bandet[26]. Under den amerikanske delen av denne turneen fekk John Glascock helseproblem og vart erstatta av venen til Anderson og tidlegare Stealers Wheel-bassist, Tony Williams.

Det tredje folkrockalbumet deira, Stormwatch, kom ut i 1979 og vert rekna som slutten på den klassiske Tull-perioden då Glascock, etter å ha hatt ein hjarteoperasjon året før, døydde heime som følgje av hjarteproblema. Anderson spelte sjølv ferdig bass-partane på dei uferdige songane på albumet, og Dave Pegg frå Fairport Convention tok over på bass for Stormwatch-turneen. Barlow var deprimert og tilbaketrekt etter at den nær venen Glascock døydde,[27] og slutta like etter i bandet. I tillegg hadde kontraktane til Palmer og Evan gått ut før albumet A.

Jethro Tull stod att med berre Anderson og Barre.

1980–84: elektronisk rock[endre | endre wikiteksten]

Det første albumet til Jethro Tull i 1980-åra var A, opphavleg meint som det første soloalbumet til Ian Anderson. Anderson tok med seg Barre på elektrisk gitar og Dave Pegg på bass, og la til Mark Craney på trommer, og klaverspelar og fiolinist Eddie Jobson (tidlegare Roxy Music, UK, Frank Zappa og Curved Air). Med mykje bruk av synthesizer skilde albumet seg kraftig frå «Tull-stilen» ein kjende til. Etter press frå Chrysalis Records valde Anderson å gje ut albumet som eit Jethro Tull-album. Det vart kalla A, eit namn som stod skrive på masterlydbanda for soloalbumet hans, «A» for Anderson, og kom ut midtvegs i 1980.

I tråd med innovasjonane kring det nye albumet gjorde Jethro Tull eit tidleg forsøk på den blømande musikkvideosjangeren med Slipstream, ein film filma utanfor Hammersmith Odeon i London, medan sjølv konsertopptaka vart filma i Los Angeles Sports Arena. Videoen vart regissert av David Mallet, som har regissert mange musikkvideoar mellom anna den banebrytande videoen til «Ashes to Ashes» for David Bowie. Den elektroniske stilen på albumet kom enno tydlegare fram på desse konsertane og vart nytta med påfallande effekt på somme av dei gamle songane, som «Locomotive Breath». Den meir kjende Jethro Tull-stilen kom òg fram i ein heilakustisk versjon av «Skating Away on the Thin Ice of the New Day» med Jobson på mandolin, Pegg på mandola og Craney på bass.

Jobson og Craney gjekk attende til sine eigne arbeid etter A-turneen og Jethro Tull gjekk inn ein periode der dei stadig skifta trommeslagarar: Gerry Conway som forlét bandet då han meinte at han ikkje kunne erstatte Barlow, Phil Collins (erstatta Gerry Conway, og spelte med bandet på den første Prince's Trust-konserten i 1982), Paul Burgess (for den amerikanske delen av Broadsword and the Beast-turneen som forlet bandet for å slå seg til ro med familien sin), og den permanente trommeslagaren Doane Perry. 1981 vart det første året i karrieren deira der dei ikkje gav ut noko album, men dei var i studio (Anderson, Barre, Pegg og Conway med Anderson på tangentinstrument). Somme av desse songane vart gjevne ut på samleplata Nightcap i 1993. I 1982 kom Peter-John Vettese inn på tangentinstrument, og bandet gjekk attende til ein noko meir folkeaktig stil - men framleis med synthesizerar - for The Broadsword and the Beast i 1982. Den påfølgjande konsertturneen for albumet vart møtt med stort publikum og showa vart ein av dei siste for bandet der dei kledde seg ut og nytta teatralske effektar. Mellom anna vart scenen bygd for å likne eit vikingskip og bandet var kledd ut i mellomalderklede.

Anderson gav ut eit soloalbum i 1983, som i røynda var eit samarbeid med Vettese, i form av det tungt elektroniske Walk into Light. Sjølv om albumet bestod av elektroniske lydbilete og synthesizerar, samt tekstar om teknologi, slo det ikkje an hos verken tilhengjarane eller nye lyttarar. Somme av songane på Walk Into Light, som «Fly By Night», «Made in England» og «Different Germany», vart seinare spelte på konsertane til Jethro Tull.

I 1984 gav Jethro Tull ut Under Wraps, eit tungt elektronisk album med elektroniske trommer i staden for vanlege akustiske. Sjølv om bandet visstnok var stolte over resultatet, vart albumet dårleg motteke, særleg i Nord-Amerika. Det vart laga ein video for «Lap of Luxury», som vart spelt ein del på MTV. Ein akustisk versjon av tittelsporet, «Under Wraps 2», vart derimot godt likt og ein instrumental versjon av songen finst på konsertalbumet A Little Light Music frå 1992. Mange Jethro Tull-fans reknar Under Wraps som det svakaste albumet deira, medan Martin Barre reknar det som favorittalbumet sitt. Hovudriffet på songen «Paparazzi» vart òg ein fast del av gitarsoloane hans på konsertane til bandet. Anderson fekk etter kvart problem med halsen under turneen til Under Wraps og Jethro Tull vart tvungen til å ta ein tre år lang pause. Vettesse slutta i bandet etter turneen og var sinte på kritikarane etter dei dårlege meldingane for dei tre albuma han hadde medverka på.[28] I løpet av denne pausen heldt Anderson fram med å utvikle lakseoppdrettsanlegget han hadde starta i 1978. Singelen «Choralnach» vart gjeven ut i Storbritannia i 1986 etter at han vart nytta som kjenningsmelodi for fjernsynsserien Blood of the British på Channel 4.

1987–1994: Hardrock[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull kom sterkt attende i 1987 med Crest of a Knave. Med Vettese borte (Anderson gjorde sjølv synth-programmeringa) la bandet meir vekt på den elektriske gitaren til Barre, og albumet vart ein suksess både hos kritikarane og platekjøparane. Skuggar av dei tidlegare elektroniske avstikkarane var framleis der, sidan dei på tre av songane på albumet nytta trommemaskin. Før Crest Of A Knave-turneen, kom klaverspelar Don Airey (tidlegare Rainbow, Ozzy Osbourne, MSG) inn i bandet.

Bandet vann i 1988 ein Grammy for «Beste metal-framføring», og slo førehandsfavorittane Metallica og deira ...And Justice for All. Dette var særleg kontroversielt sidan mange ikkje rekna Jethro Tull som hardrock eller heavy metal. Etter råd frå manageren deira, som fortalde dei at dei var utan sjanse til å vinne, var det ingen frå bandet som møtte opp på prisutdelinga.[26] Som svar på kritikken dei fekk etter prisen, sette selskapet Chrysalis inn ei annonse i eit britisk musikkmagasin med bilete av ei fløyte oppå nokre jernbarrar og teksten «The flute is a heavy metal instrument.» («Fløyta er eit tungt metallinstrument»)[29] Under eit intervju fekk Ian Anderson spørsmål om saka og svarte, «Vel, me spelar stundom mandolinane våre verkeleg høgt». I 2007 vart sigeren kåra til ein av dei ti største skandalane i Grammy-historia av Entertainment Weekly[30] I 1992, då Metallica endeleg vann ein Grammy i kategorien sa Metallica-trommeslagar Lars Ulrich, «Først må me takke Jethro Tull for at dei ikkje gav ut eit album dette året».

Stilen på Crest har vorte samanlikna med stilen til Dire Straits, særleg fordi Anderson ikkje lenger hadde det same stemmeregisteret han hadde før halsproblema og måtte synge i lågare register. I tillegg dreiv gitarstilen til Martin Barre mot stilen til Mark Knopfler. Særleg to songar på albumet vart mykje spelt på radio, «Farm on the Freeway» og «Steel Monkey». Albumet inneheldt òg den populære songen «Budapest».

Turneen etter dette albumet vart kalla «The Not Quite The World, More The Here And There Tour». Det var òg første gongen i historia til bandet at Anderson stundom spelte elektrisk rytmegitar på scenen.

I 1988 kom 20 Years of Jethro Tull, ein plateboks på fem LP-plater (og 3 CD-ar, samt ein forkorta enkel CD-versjon kalla 20 Years of Jethro Tull: Highlights) som bestod av sjeldne opptak og unytta studioopptak frå historia til bandet, samt fleire konsertopptak og nymastra songar. Han kom òg med eit hefte med heile historia til bandet så langt. Boksen vert ikkje lenger i opplag og er i dag eit samlarobjekt. Mange (men ikkje alle) av spora i boksen finst som bonusspor på den nymastra utgåvene av studioalbuma til bandet.

Multi-instrumentalist Martin (Maart) Allcock, som var medlem av Fairport Convention, hadde spelt som gjesteartist med Tull på Cropredy festival året før og kom inn i bandet som klaverspelar for 20th Anniversary-turneen deira. Dette kan kanskje verke normal, men multi-instrumentalist Allcock hadde i Fairport berre spelt ulike strengeinstrument og ikkje tidlegare spelt klaverinstrument i eit band. For somme av songane spelte Alcock elektrisk gitar, medan Anderson berre heldt seg til akustisk gitar.

I 1989 gav bandet ut Rock Island, som vart møtt med dårlegare kritikk og salstal enn Crest of a Knave. Første songen på albumet, «Kissing Willie», bestod av slibrige tvitydige tekstar og heavy metal riff, og verka å vere eit satirisk svar på at dei nyleg hadde vunne ein Grammy-pris i sjangeren heavy metal. Den tilhøyrande musikkvideoen vart lite synt på fjernsyn på grunn av dei seksuelle bileta. Sjølv om Rock Island ikkje gjorde det særleg godt, dukka det opp nokre songar som vart favorittar hos tilhengjarane. «Big Riff and Mando» handlar om turnélivet, og fortel mellom anna om då mandolinen til Barre vart stolen av ein tilhengjar. «Another Christmas Song» er ein livleg song som hyllar den humanitære anda i juletida, og skilde seg ut blant dei mange grublande og mørke songane på albumet. I 2003 vart denne songen spelt inn på ny for Jethro Tull Christmas Album.

Catfish Rising frå 1991 var eit meir solid album enn Rock Island. Trass i at det vart marknadsfør som «ein tilbakekomst til bluesen», er albumet heller prega av mykje meir bruk av mandolin og akustisk gitar og mykje mindre bruk av tangentinstrument enn nokre av albuma til Tull frå 80-åra.

Allcock, som spelte på Catfish Rising-turneen, deltok ikkje på sjølve albumet, og forlet bandet mot slutten av året for å spele inn eit soloalbum.

1995–2011: påverknad frå verdsmusikk[endre | endre wikiteksten]

Etter 1992-turneen, der Dave Mattacks frå Fairport spelte trommer, kom det andre offisielle konsertalbumet til bandet ut, A Little Light Music. Anderson lærte seg så å spele fløyte på ny etter at dottera som hadde starta å lære fløyte på skulen oppdaga at faren ofte hadde feil fingersetting.[31] Anderson byrja å skrive songar som var kraftig påverka av verdsmusikk. Dei første utgjevingane med «nylært» fløyte var 25th Anniversary Box der ein i tillegg til klassiske songar og tidlegare uutgjevne konsertopptak hadde ein heil CD med gamle songar frå heile karrieren til bandet spelt inn på ny med den noverande besetninga. I tillegg kom samleplata Nightcap ut med studiomaterial som tidlegare ikkje var gjeven ut (hovudsakleg innspelinga frå før Passion Play-albumet), der fleire fløytespor vart spelte inn på nytt. Dave Pegg forlet bandet for å konsentrere seg på Fairport Convention og likte ikkje den nye verdsmusikkretninga til bandet, og vart i 1995 erstatta av Steve Bailey for albumet Roots to Branches. Bailey var ein respektert studiobassist og ven av Doane Perry. I tillegg kom Jonathan Noyce inn i bandet. Roots to Branches og J-Tull Dot Com frå 1999 var mindre rockbaserte enn Crest of a Knave eller Catfish Rising. Songane på desse albuma var påverka av at bandet gjennom tiår hadde spelt over heile verda. I songar som «Out of the Noise» og «Hot Mango Flush» måler Anderson levande bilete av gatebilete frå den tredje verda. Somme songar omhandlar òg at Anderson innser at han er i ferd med å verte gammal, som den tankefulle «Another Harry's Bar», «Wicked Windows» (ei fundering på lesebriller) og den morske «Wounded, Old, and Treacherous».

I 1995 gav Anderson ut det andre soloalbumet sitt, Divinities: Twelve Dances with God, eit instrumentalt verk som består av 12 fløytestykke med varierande tema og eit underliggande motiv. Albumet vart spelt inn med klaverspelar Andrew Giddings og orkestermusikarar. Anderson gav sidan ut to songbaserte soloalbum, The Secret Language of Birds i 2000 og Rupi's Dance i 2003.

I 2001 slo Anderson seg saman med Cornick, Bunker og Abrahams og spelte på små pubar. Dette var første gong dei originale fire medlemmane spelte i lag sidan 1968. Living With The Past inneheld ein dokumentar som syner dette bandet på turne i Storbritannia og Amerika i 2001.

I 2003 kom The Jethro Tull Christmas Album, ei samling av tradisjonelle julesongar saman med gamle og nye julesongar skrivne av Jethro Tull. Albumet vart den største salssuksessen deira sidan Crest Of A Knave i 1987.

I 2005 kom eit dobbelt konsertalbum og ein DVD av Ian Anderson kalla Ian Anderson Plays the Orchestral Jethro Tull. I tillegg kom DVD-en Nothing Is Easy: Live at the Isle of Wight 1970 og konsertalbumet Aqualung Live (spelt inn i 2004) ut i 2005.

Ian Anderson spelte ein versjon av songen «The Thin Ice» på hyllestalbumet til Pink Floyd, Back Against the Wall, i 2005.

I 2006 kom den doble DVD-boksen Collectors Edition ut med Nothing Is Easy og Living With The Past. Bassist Jon Noyce forlet bandet i mars 2006. Giddings sllutta i juli 2006 på grunn av for mykje turnering og for lita tid til familien. Desse vart erstatta av høvesvis David Goodier og John O'Hara.

I mars 2007 kom The Best of Acoustic Jethro Tull, ei samling av akustiske songar frå heile karrieren til Jethro Tull og Ian Anderson. Her var inkludert ein ny akustisk konsertversjon av «One Brown Mouse» og eit konsertopptak av ein tradisjonell song (tilskriven Henrik VIII), «Pastime With Good Company».

I september 2007 gav Jethro Tull ut CD-en og DVD-en Live At Montreux 2003. Denne konserten vart spelt inn 4. juli 2003.

I februar 2010 fekk bandet ein Heritage Award av PRS for Music. Ein plakett vart sett opp på ei katolsk kyrkje i Blackpool der bandet heldt den første konserten sin nokon gong.[32]

2011 til i dag[endre | endre wikiteksten]

I 2011, medan dei var på Aqualung 40th Tour, nemnde Anderson i eit intervju at Jethro Tull held på å spele inn eit nytt album som skulle ut våren 2012. Dette ville ha vore det første nye studioalbumet deira på 12 år. Det siste studioalbumet deira med nye songar var J-Tull Dot Com i 1999. 2011 markerte 40-årsjubileet for Aqualung. Albumet kom ut på ny i ein ny miks og med ein DVD av songar som ikkje tidlegare var gjevne ut.

I 2012 kom Thick As a Brick 2: Whatever Happened To Gerald Bostock? ut som ein oppfølgjar til Thick As a Brick. Albumet kom ut 2. april 2012 og vart kalla eit soloalbum av Ian Anderson og ikkje eit Jethro Tull-album. Anderson la ut på turne for å marknadsføre albumet.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Black Sabbath-gitarist Tony Iommi spelte gitar for Jethro Tull ei kort stund i 1968 etter at Mick Abrahams slutta. Den einaste innspelinga med han i lag med Jethro Tull er på The Rolling Stones Rock and Roll Circus. Ein kan likevel ikkje høyre gitaren hans, fordi all musikken (utanom vokalen og fløyta til Anderson) vart spelt inn på ny og limt inn sidan. Iommi gjekk attende til Black Sabbath (då kalla Earth) i januar 1969.
  • David O'List spelte ei kort stund med Jethro Tull i 1968 etter at Abrahams slutta.
  • Genesis sin Phil Collins spelte trommer på ein konsert med Jethro Tull: Prince's Trust den 7. juli 1982 i Dominion Theatre i London.
  • Bassist Tony Williams spelte på ein turné med bandet då John Glascock var sjuk.
  • Bassist Matthew Pegg – sonen til Dave - speler bass på Catfish Rising då den skalla faren hans i følgje omslaget vaska håret. Han spelte òg på fleire konsertar tidleg i 1990-åra. Han er i dag studiomusikar og har òg vore permanent medlem av Procol Harum.
  • Bassist Steve Bailey spelte på Roots to Branches då Dave Pegg var på veg ut av bandet. Han var aldri offisielt medlem av bandet.
  • James Duncan har ofte spelt med bandet frå 2006 og frametter, samt på soloturneane til Anderson.
  • Florian Opahle, ein tysk gitarist som har spelt på soloturnane til Anderson, samt med Greg Lake, har nyleg erstatta Barre då Barre måtte ta ein pause på grunn av ein operasjon.
  • Mark Mondesir er ein britisk jazztrommeslagar. Han har spelt med Tull og Ian Anderson då James Duncan, braut skuldra i ei skiulukke.[33]
  • Gitarist Joe Bonamassa var gjesteartist med Jethro Tull for ekstranummeret under konserten deira på High Voltage 2011.
  • Scott Hammond, ein britisk jazztrommeslagar, erstatta Mark Mondesir for Ian Anderson sine konsertar i 2011. Hammond deltok på Thick As A Brick 2. Hammond spelte òg i staden for Doanne Perry på somme Jethro Tull-konsertar i 2011.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Biography on official Jethro Tull web site». Arkivert frå originalen 30. september 2011. Henta 14. september 2012. 
  2. Eder, Bruce. «Jethro Tull». AllMusic. Henta 14. september 2012. 
  3. «John Evan - The Official Jethro Tull Website». J-tull.com. 28 mars 1948. Henta 14. september 2012. [daud lenkje]
  4. «Barriemore Barlow – The Official Jethro Tull Website». J-tull.com. 10 september 1949. Henta 14. september 2012. [daud lenkje]
  5. 5,0 5,1 «Meet Jethro Tull». Melody Maker. Tullpress.com. 12 juli 1969. Henta 14. september 2012. 
  6. «FAQ on official Jethro Tull web site». Arkivert frå originalen 17. mars 2009. Henta 14. september 2012. 
  7. 7,0 7,1 Newsome, Jim. "Living in the Present." Interview with Ian Anderson, april 23, 2002. [1]
  8. Jethro Toe – Sunshine Day / Aeroplane
  9. «JETHRO TULL: "WE'RE REALLY HUMAN ..."». Record Mirror. Tullpress.com. 12 oktober 1968. Henta 14. september 2012. 
  10. "Jethro Tull biography at themarquee.net, arkivert frå originalen 19. juli 2011, henta 14. september 2012 
  11. Mick's Bio at Mick Abrahams' official website
  12. Rock Gitar Daily blog. [rockgitardaily.blogspot.com/mick-abrahams]
  13. «Jethro Tull – Biography». The Marquee Club. Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 14. september 2012. 
  14. Glenn Cornick bio at www.j-tull.com[daud lenkje]
  15. «Glen Cornick Q&A, 19 November 2009, reproduced on The Jethro Tull Board». Henta 14. september 2012. 
  16. «Attention to All Tull Fans: The Glenn Cornick interview, 21 November 2007,». Henta 14. september 2012. 
  17. Rock Movers & Shakers by Dafydd Rees & Luke Crampton, 1991 Billboard Books.
  18. «Clive Bunker – The Official Jethro Tull Website». J-tull.com. 12 desember 1946. Henta 14. september 2012. [daud lenkje]
  19. «Akustisk Gitar Central – An interview with Ian Anderson». Henta 15 august 2009. [daud lenkje]
  20. Smith, Bradley (1997). Billboard Guide to Progressive Music (First printing utg.). Billboard Books. s. 113. ISBN 0-8230-7665-2. 
  21. «Crime of passion». Melody Maker. tullpress.com. Henta 14. september 2012. 
  22. "Bungle in the Jungle by Jethro Tull" at songfacts.com, arkivert frå originalen 20. oktober 2017, henta 14. september 2012 
  23. Hilburn, Robert. Concert review in the L.A. Times, 24. juli 1973
  24. War Child reviews at amazon.com
  25. Prat før «Too Old to Rock and Roll, Too Young to Die» på konsertalbumet Bursting Out (1978).
  26. 26,0 26,1 26,2 Artist Wiki: Jethro Tull
  27. Barriemore Barlow bio at TullPress.com
  28. Isle of Skye Business Community. «Ian Anderson». Henta 14. september 2012. 
  29. «Advert». Henta 14. september 2012. 
  30. «Grammy's 10 Biggest Upsets». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 13. juni 2011. Henta 15. september 2012. 
  31. «Ian Anderson's Equipment - The Official Jethro Tull Website». Jethro-tull.com. Arkivert frå originalen 13. juli 2011. Henta 14. september 2012. 
  32. «Jethro Tull's church gig honoured». BBC News. 25 februar 2010. 
  33. NRT (27 august 2009). «Set lists of Jethro Tull live concerts in 2009, at the Ministry Of Information». Ministry-of-information.co.uk. Henta 14. september 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]