Jewish Princess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jewish Princess
Song av Frank Zappa
frå albumet Sheik Yerbouti
Innspelt 1979
Sjanger Komedierock, pop
Lengd 3:16
Låtskrivar(ar) Frank Zappa
Produsent Frank Zappa

«Jewish Princess» er ein song av Frank Zappa på albumet Sheik Yerbouti i 1979. Songen er eit komisk syn på ei stereotypisk jødisk-amerikansk prinsesse, som fekk merksemd frå Anti-Defamation League. Zappa nekta å kome med ei årsaking og hevda «I motsetnad til einhjørningar, finst slike skapningar - og fortener å bli 'feira' med sin eigen spesielle opus». I eit intervju med Spin var han nesten fornærma og sa, «…det er som å sei at det ikkje er noko slikt som jødiske prinsesser. Som om eg fann opp dette?»[1] Biografen Barry Miles hevda i boka si Frank Zappa (Atlantic Books of London, 2005), at ADL bad Federal Communications Commission (FCC) om å bannlyse songen frå radio - noko som var symbolsk sidan songen ikkje vart spelt likevel. Dette førte til eit rykte om at det hadde vore eit søksmål mot Zappa, noko han kraftig nekta for i eit CNN-intervju på «The Freeman Report» den 26. oktober 1981.[2] Zappa hevda at støytande songar som denne var årsaka til at Sheik Yerbouti vart eit av dei bestseljande albuma hans. Sjølv om songen vart lite spelt på konsertane hans, vart han gjeven ut på samlealbumet Have I Offended Someone?[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]