Jewish Renewal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Jewish Renewal (engelsk for ‘jødisk fornying’), òg stundom kalla nyḥasidisme, er ei primært nordamerikansk jødisk religiøs rørsle som har utspring i ḥasidisme, men med sterk vekt på likestilling mellom kjønna, vekt på fredsarbeid og miljøvern, sterke synkretistiske drag og med ei forståing av jødedommen som «ein religiøs sivilisasjon i stadig utvikling» — ei forståing som er lånt frå rekonstruksjonistisk jødedom. Dei viktigaste leiarane i Jewish Renewal-rørsla er Zalman Schachter-Shalomi og Arthur Waskow.

Meir spesifikt viser omgrepet ‘Jewish Renewal’ til det som er på veg til å konsolidere seg som ei sjølvstendig retning av jødedommen, «the Jewish Renewal movement», som skildrar seg sjølv som «ei verdsomfattande, transdenominasjonell rørsle grunna på dei profetiske og mystiske tradisjonane i jødedommen».[1] Den primære leiaren i rørsla er rabbinar Zalman Schachter-Shalomi. Andre sentrale leiarar, lærarar og forfattarar er, i alfabetisk rekkjefølgje, rabbinarane Pam Baugh, David Cooper, Elliot Ginsberg, Lynn Gottlieb, Miles Krassen, Michael Lerner, Goldie Milgram, Marcia Prager, Shohama Wiener og Arthur Waskow.

Denne Jewish Renewal-rørsla brukar m.a. kabbalistisk og ḥasidisk teori og praksis i eit ikkje-ortodokst, egalitært rammeverk. Rørsla tek til seg venstreorienterte trekk som feminisme, miljøvern og pasifisme og utvidar den tradisjonelle jødiske gudstenesta med ekstatiske element som meditasjon, chanting og dans. Som del av arbeidet for å utvide det jødiske ritualet låner Renewal-medlemmer fritt og ope frå buddhisme, sufisme, indianske religionar og andre religionar. Dette fenomenet er kjent i religionsvitskapen som «synkretisme». Mange jødar utanom Renewal-rørsla ser religiøs synkretisme som uforeinleg med jødedommen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jewish Renewal i si vidare tyding har opphavet sitt i dei nordamerikanske motkulturelle trendane kring slutten av 1960-åra og først i 1970-åra. På denne tida grunnla grupper av unge rabbinarar, akademikarar og politiske aktivistar eksperimentelle ḥaburót (sg. ḥaburá, ‘kameratskap’, ‘felagskap’) for bøn og studium som ein reaksjon mot det dei oppfatta som det overinstitusjonaliserte og ikkjeandelege nordamerikanske jødiske etablissementet.

I den første tida var hovudinspirasjonen dei pietistiske felagskapa åt farisearane og andre tidlege jødiske sekter.

Ein annan trend i denne første tida var at nokre av desse gruppene, som t.d. gruppa Havurat Shalom i bostonområdet, prøvde å verke som fullverdige landlege kollektiv etter førebilete av sekulære kollektiv. Andre oppretta kollektiv-inspirerte lokalsamfunn innanfor det jødiske by- og forstadsetablissementet. Mellom grunnleggjarane av desse ḥaburót kan nemnast den venstreorienterte politiske aktivisten Arthur Waskow, og òg Michael Strassfeld (som seinare vart rabbinar for ei konservativ meinigheit og seinare att vart tilsett ved ei større rekonstruksjonistisk meinigheit). Sjølv om leiinga og dei rituelle privilegia i byrjinga var utelukkande for menn, i tråd med vanleg praksis i ortodoks jødedom, kom «den andre bølgja» av amerikansk feminisme snart til å leie til full integrering av kvinner i desse samfunna.

Anna enn nokre artiklar i Response og andre jødiske studenttidsskrift fekk dei tidlege ḥaburót lite merksemd i det nordamerikanske jødiske samfunnet. I 1973 kom så det første bandet av Sharon og Michael Strassfeld si bok The Jewish Catalog : a Do-It-Yourself Kit. Denne boka, som var utforma etter inspirasjon frå den da nyleg utgjevne motkulturelle katalogen Whole Earth Catalog, fungerte både som eit grunnleggjande referanseverk for jødedom og amerikansk jødisk liv og som eit lettliva kompendium for jødisk husflid, oppskrifter, meditasjonspraksis og idéar til politisk aktivisme — alt dette retta mot framandgjorde jødiske unge vaksne. The Jewish Catalog vart ei av dei bestseljande bøkene i amerikansk jødisk historie opp til si tid og vart følgd opp med to nye band. Ei mykje meir vidspreidd ḥaburárørsle voks snart fram — inkludert sjølvstyrte ḥaburót innanfor reformjødiske, konservative og rekonstruksjonistiske synagogar.

Kring 1980 hadde eit aukande tal ḥaburót utvikla seg bort frå den strengt tradisjonelle jødiske gudstenesteforma etter som medlemmene la til engelske høgtlesingar og chanting, dikt frå andre andelege tradisjonar, slaginstrument og alt i alt eit meir uformelt forhold til gudstenesta.

Zalman Schachter-Shalomi, som på den tida budde i Winnipeg og seinare flytte til Philadelphia i Pennsylvania, er ein rabbinar med utdanning frå ḥasidisk jødedom. I 1960-åra braut han med ortodoks jødedom, og han og kollegaer som t.d. Arthur Waskow grunnla felagskapet B’nai Or Fellowship (no kjent under namnet ALEPH), som verka som ein laus paraplyorganisasjon for likesinna ḥaburót. I 1979 grunnla Waskow B’nai Or-tidsskriftet New Menorah, og det var i dette tidsskriftet han lanserte omgrepet ‘Jewish Renewal’.

Schachter-Shalomi var sterkt påverka av sufisme (sufi-islam) og buddhisme, og han har endatil omsett nokre av bønene derifrå til hebraisk. Han har òg fokusert meir på urban berekraftig livsførsel enn på landleg kultur, og han har m.a. føreslått samband mellom kjellarane i urbane nabolag som ville kunna verke som fellesrom til bruk under høgtider samtidig som privatlivet det verdslege livet har ført med seg kunne bli behalde. Nokre av idéane hans har hatt innflytnad på det sekulære fagområdet urban samfunnsøkonomi.

Det sterkare samhaldet og fokuset som B’nai Or / ALEPH og bladet New Menorah førte med seg førte etterkvart til at Jewish Renewal spreidde seg til store delar av USA og, sist på 1900-talet, òg til Canada, Latinamerika, Europa og Israel. På det leitet var grunnramma i institusjonaliseringa allereie på plass i form av det administrative Network of Jewish Renewal Communities, den internasjonale rabbinske fagorganisasjonen OHaLaH og det stadig meir formaliserte ALEPH Rabbinic Program — eit desentralisert rabbinarseminar som i dag er godkjent av det nordamerikanske National Council of Seminaries, som inkluderer leiarane av alle dei større nordamerikanske rabbinar- og ḥazzán-studieinstitusjonane.

Jewish Renewal og det jødiske samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Innflytnad på ikkje-ortodoks jødedom[endre | endre wikiteksten]

Nokon statistikk over talet jødar som reknar seg som «Renewal» finst ikkje. Likevel er det tydeleg at rørsla har hatt vesentleg innflytnad på dei fleste andre greiner av jødedommen, særleg i USA. Den truleg sterkaste innflytnaden har funne stad i den rekonstruksjonistiske jødedommen, sjølv om denne retninga begynte som ei erklært rasjonalistisk og intellektuell rørsle. Under innflytnad frå Renewal-orienterte rabbinarar og lekleiarar har den rekonstruksjonistiske rørsla i dei siste åra komme til å taka til seg mange element av jødisk mystikk, både i symbolbruk og praksis. Dette er særleg tydeleg i den nye serien av bønebøker som kom ut i USA frå 1990-åra av.

Teikn på Renewal-innflytnad viser seg òg i andre retningar av jødedommen; det er t.d. ikkje uvanleg at reformjødiske og konservative meinigheiter held workshops i jødisk meditasjon og ulike judaiserte former av yoga. Den av mange, særleg blant ortodokse jødar, kontroversielle trenden i retning av fleire leiarskaps- og rituelle privilegium for kvinner og homofile har mykje av sitt opphav i den venstreorienterte politiske aktivismen i dei ḥaburót som forma kjernen i Renewal-rørsla.

Kritikk frå andre jødiske retningar[endre | endre wikiteksten]

Kritikarar av Jewish Renewal-rørsla hevdar at rørsla vektlegg personleg andeleg oppleving og subjektivt syn til skades for samfunnsnormar og jødisk teksttradisjon. Den tidlegare nemnde formaliseringa av ALEPH Rabbinic Program kan sjåast som eit svar på denne kritikken. Mange er òg ueinige med det dei meiner er ei uhøvande stor innlåning av element frå ikkje-jødiske tradisjonar og religionar. Desse meiner at så store mengder av ikkje-jødiske praksisar og idéar er vortne innlånte at Renewal-rørsla er hamna heilt utanfor grensene åt jødedommen. Dei held på at akkurat som jødar ikkje kan taka til seg kristne trusprinsipp og handlingar og framleis rekne seg som utøvarar av jødisk religion, så kan ein ikkje taka til seg buddhistiske, sufi-muslimske og polyteistiske trusprisipp og handlingar og framleis rekne seg som ein del av jødedommen.

Jewish Renewal-rørsla seier på si side at jødedommen i lang tid har teke til seg element utanfrå — t.d. frå kanaanittisk, babylonsk, gresk og muslimsk kultur utan at jødedommen sin integritet har lide nokon skade.

Andre, inkludert ein del medlemmer av rørsla, hevdar at rørsla har hatt betre hell med å formidle enkelte ekstatiske toppar under gudstenester og andelege «retreats» enn med å fremme eit daglegliv med religiøst innhald.

Interne spenningar[endre | endre wikiteksten]

Innanfor Renewal-rørsla har det vist seg ein del spenning mellom dei som føretrekk å fokusere på ein venstreorientert politisk aktivisme i samband med amerikanske, midtaust- og globale spørsmål på den eine sida og dei som føretrekk å leggje hovudvekta på meditasjon, tekststudium og gudsteneste på den andre sida. Desse motsetningane, saman med utfordringane som ligg i rekruttering og utdanning av framtidige leiarar, er dei hovudutfordringane Jewish Renewal står overfor som organisasjon på byrjinga av 2000-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]