Jezioro Maltańskie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jezioro Maltańskie
Jezioro Maltańskie - Det kinesiske laget trender før Verdsmeisterskapen i roing i 2006
Det kinesiske laget trender før Verdsmeisterskapen i roing i 2006
Stad Poznań
Type innsjø kunstig innsjø
Tilsig Cybina
Utsig Cybina
Tilknytte land Flag of Poland.svg Polen
Største lengde 2,2 km
Største breidde 0,46 km
Overflateareal 0,64 km²
Middeldjupne 3,1 m
Største djupne 5 m

Jezioro Maltańskie (eller Maltasjøen) er ein kunstig innsjø i Poznań i Polen. Han vart danna i 1952 då det vart bygd ei demning i elva Cybina. Han er om lag 2,2 km lang og i snitt 3,1 meter djup. På det djupaste er han om lag 5 meter. Det er fleire høve for fritidsaktivitetar i og rundt innsjøen, inkludert ei skiløype, ein skeisebane, ein dyrehage, den smalspora jernbanelinja Kolejka Parkowa Maltanka og Fridomshaugen.

Innsjøen er òg ein av dei eldste menneskeskapte robanane i Europa. Det har vorte halde mange løp her i verdscupen i roing sidan 1952.

Namnet på innsjøen kjem av Maltesarordenen. Innsjøen vart danna på land som var eigd av St. Johannes av Jerusalem utanfor murane-kyrkja og som vart gjeve til ordenen i 1187 av hertug Mieszko III den gamle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.