Jiamusi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jiamusi (gul) i Heilongjiang

Jiamusi er eit byprefektur nordaust i provinsen Heilongjiang i Kina, med grenser mot Russland både i nord og i aust. Byprefekturet har eit areal på 31 528 km² og 2 552 097 innbyggjarar i 2010.

Byprefekturet Jiamusi omfattar fem distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).

Næring og samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Byen Jiamusi er ei viktig elvehamn for nedre del av elva Songhua.

Jiamusi har jarnbanesamband til provinshovudstaden Harbin, og til grannelanda Nord-Korea og Russland.

Kinas riksveg 201 går gjennom prefekturet. Vegen tek til i Hegang og fører via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodonghalvøya til Lüshunkou/Dalian. Også Kinas riksveg 221 går gjennom området. Han tek til i Harbin og går til Tongjiang i Jiamusi, begge i Heilongjiang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]