Jiangmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jiangmenprefekturet (gul) og Jiangmen by (raud) i Guangdong

Jiangmen (kinesisk: 江门, pinyin: Jiāngmén) er eit byprefektur nær dei midtre delane av provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal på 9 433 km² og 4 448 871 innbyggjarar (2004). Byprefekturet Jiangmen består av tre distrikt (区 ) og fire byfylke (县 xiàn).

Byen Jiangmen ligg på fellesdeltaet til elvane Xijiang og Tan. Han har sidan Qing-dynastiet hatt brei kontakt med utlandet. Hamna vart opna for handel med Vesten i 1902, dagens elvehamn vart anlagt i 1904.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Byen Jiangmen har mykje lettindustri. Viktigaste varene er tekstilar, elektronikkprodukt, møblar, lérvarer, næringsmidlar, maskiner, byggjematerial, kjemiske produkt, papir og raffinert sukker. Økonomisk ligg Jiangmen over gjennomsnittet for provinsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]