Jiehkkevárri
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Jiehkkevárri | |
|---|---|
| Høgd over havet | 1833 moh |
| Ligg i/på | Tromsø og Lyngen, Troms |
| Fjellkjede | Lyngsalpane |
| Primærfaktor | 1741 m |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Jiehkkevárri (òg kjent som Jiekkevarri eller Jiekkevarre) er det høgaste fjellet i Troms på 1833 moh. Fjellet ligg på grensa mellom kommunane Tromsø og Lyngen. På toppen ligg det ein stor brekuppel. Fjellet er det høgaste og mest dominerande i Lyngsalpane og er synleg på lang avstand.
Fjellet er det 402. høgaste i landet av fjella med ein primærfaktor på minst 50 meter. Søre Jiehkkevárri er ein annan fjelltopp i massivet. Denne ligg berre i Tromsø kommune og har ei høgd på 1656 meter over havet. Fjellet har ein primærfaktor på 1741 meter, noko som er nest størst i Noreg.
Sjå òg [endre]
- Høgaste fjell i Noreg
- Høgaste fjell i Noreg etter primærfaktor
Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.