Jihad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Å studera Koranen kan vera ei form for jihad. Her den muslimske mogulherskaren Aurangzeb.

Jihad (arabisk جهاد, ǧihād) er eit omstridd omgrep innan islam som kan visa til indre, andeleg kamp for å oppnå rett tru, eller militær vald for å spreia islam. Ordet er avleidd frå det arabiske ǧhd, 'å streva etter' eller 'å møda seg'.

Jihad-omgrepet[endre | endre wikiteksten]

Jihad er eit innvikla omgrep i islam. Det viser til kamp mot eller strev etter noko. Det ein skal kjempa mot, er alt som blir sett på som dårleg eller skadeleg, slik at ein kan dyrka fram det gode. Denne kampen omfattar i følgje muslimsk oppfatting alle sider ved menneskelege tankar og handlingar, og går samstundes ut over det fysiske universet.

Ifølgje tradisjonell muslimsk oppfatting finst det fem ulike Jihad fi Sabilillah (jihad for Allah):

Arabisk namn Jihad for Gjennom
Jihad bin Nafs/Qalb hjartet eller sjelen Indre kamp for å få fram det gode i sitt eige medvit.
Jihad bil Lisan ordet Kamp gjennom det skrivne og talte ordet
Jihad bil Qalam/Ilm pennen Studie av islam eller vitskapleg innsats
Jihad bil Yad handa Eige arbeid eller økonomiske bidrag
Jihad bis saif sverdet Væpna kamp for Allah, «heilag krig»

Større og mindre jihad[endre | endre wikiteksten]

Fleire muslimar trur det finst ein større og ein mindre jihad, der den store er kampen i sitt eige sinn, medan den vesle er valdeleg kamp. Denne tolkinga er særleg vanleg innan sjiaislam og sufismen. Ho stør seg på tradisjonar (hadith) som seier at Mohammed fortalde muslimske krigarar som kom heim frå kamp mot ikkje-muslimar at dei no stod overfor ein større kamp, mot sine eigne lyster. Hadithen blir ikkje rekna som truverdig av alle tolkarar, han har ein isnad (overleveringsrekke) det blir stilt spørsmål ved.

Den tidlege muslimske lærde Ibn Taymiyya, som skal ha inspirert salafismen, kritiserte omgrepa «større» og «mindre» jihad, og hevda at jihad mot vantru er det høgaste ein muslim kan gjera.

I nyare tid har Sayyid Qutb tolka militært jihad som eit nødvendig forsvar av islam i ei verd som er overveldande ikkje-muslimsk.[1] Nyare islamistiske grupper har i stor grad fortrengd den store jihaden til fordel for den mindre — å grunnlegga, forsvar og utvida den muslimske staten.[2]

Bruk av omgrepet[endre | endre wikiteksten]

Million man march til Washington DC, organisert av Nation of Islam, kan tolkast som ein jihad for å bli betre menn[eske].[3]
Foto: Joacim Osterstam

«Jihad gjennom ordet» kan til dømes vera misjonering, preiker eller propaganda. «Jihad gjennom handa» kan til dømes vera ei hadj-reise, pengegåver til muslimske formål, politisk aktivitet for å fremja islam, eller ta seg av sine gamle foreldre. Til dømes erklærte ei muslimsk gruppe i Birmingham jihad mot gatesøppel i 2007.[4]

«Jihad gjennom sverdet» er likevel den mest kjende tydinga av ordet utanfor islam. Det blei først brukt om felttog utført av Muhammed og tilhengjarane hans dei siste ni åra han levde. Målet med felttoga var å få makt over byane Mekka, Medina og al-Taif, å få beduinar til å støtta eller halda seg nøytrale til muslimar, og å sikra oasar som jødar heldt til i. I tillegg blei det utført nokre få åtak utover, mot Bysantarriket og Syria. Etter at Profeten døydde blei jihad utført meir offensivt, og muslimske styrker erobra store delar av den fruktbare halvmånen (dagen Syria og Irak) og deretter Egypt, før dei tok over heile den arabiske halvøya og det iranske platået. Kamp og erobringar fortsette i alle retningar: Mot Nord-Afrika og Konstantinopel i vest, Armenia og Kaukasus i nord, Indusdalen (noverande Pakistan) i aust, og i første omgang jihad utan siger mot Sudan i sør.[5]

Jihad blei seinare brukt som grunnlag for ulike erobringar og valdshandlingar mot ikkje-muslimar og det dei rekna som kjettarar, som av barbareskpiratane, ottomanarane og fleire muslimske erobrarar av India, som plyndra og øydela både hindutempel og moskear som dei meinte var blitt sjirk – for påverka av hinduisk kultur og dermed fråfalne. I Vest-Afrika blei fleire såkalla jihadrike danna i løpet av 1800-talet, til dømes gjennom Fulbe-jihaden til Usman dan Fodio i og rundt Nigeria.

Gerilja- og terroristgrupper har også funne støtte i jihadtanken. På 1880-talet erklærte Muhammad Ahmad seg mahdi og leia sudanarar i jihad mot ottomanarar, egyptarar og britar for å oppretta ein muslimsk stat. På 1900-talet har innfødde og utanlandske muslimar i område som Palestina/Israel, Afghanistan, Kashmir og Tsjetsjenia, støtta av mellom anna jihad-tanken, gått til valdelege aksjonar mot det dei ser på som ikkje-muslimsk undertrykking av muslimar. Islamistiske grupper har også erklært jihad og utført terrorhandlingar mot styresmakter i muslimske land, som i følgje islamistane ikkje er muslimske nok, til dømes ved at dei ikkje følgjer sjarialovar.

På 1990-talet blei jihad gjennom terror mot sivile teke til eit globalt nivå, mellom anna då terroristgruppa al-Qaida erklærte jihad mot «amerikanske kjettarar i landet med dei to heilage moskeane», Saudi-Arabia i 1996 og stifta Internasjonal islamistisk front for jihad mot jødar og krossfararar saman med ei rekke andre islamistiske organisasjonar i 1998.[6] USA blei ståande som ein hovudmotstander i denne såkalla jihad-krigen, men også støttespelarar er blitt utropte som mål for jihadkamp, til dømes den pakistanske presidenten Pervez Musharraf.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Paul Berman: Terror and Liberalism (W. W. Norton, 2003), s.98
  2. Understanding Jihad, February, 2005
  3. Sandy Close: «Black Men March to Reclaim a Moral Purpose to Their Lives» (Pacific News Service, 1995)
  4. BBC: «Clean Medina - the Jihad on litter i Birmingham»
  5. David Cook: «QUR' AN AND CONQUEST» i Understanding Jihad (The University of California Press, 2005)
  6. Anti-Defamation League: «Osama bin Laden»
  7. CNN: «Al Qaeda calls for 'jihad' against Pakistan's Musharraf»