Jim Fielder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jim Fielder
Fødd4. oktober 1947 (76 år)
FødestadDenton
OpphavUSA
Sjangerrock, jazz, eksperimentell rock, jazzrock
Instrumentbassgitar, gitar
Verka sommusikar, gitarist, komponist

Jim Fielder (fødd 4. oktober 1947 i Denton i Texas) er ein amerikansk bassist, mest kjend for å vere ein av dei originale medlemmane i Blood, Sweat & Tears.

Fielder gjekk på Loara High School i Anaheim i California. Medan han var ved Loara, vart den unge Fielder ven med klassekameratane Tim Buckley og Larry Beckett, eit venskap som fekk Fielder inn i musikkindustrien.[1] Før han vart med i BS&T arbeidde han med Buckley, og spelte i fleire andre kjende band som Mastin & Brewer med Mike Brewer og Billy Mundi, The Mothers of Invention og Buffalo Springfield.

Etter han slutta i BS&T, arbeidde Fielder mykje som studiomusikar. Han har ofte spelt i bandet til Neil Sedaka.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Alle albuma er med Blood, Sweat & Tears utanom der andre er nemnde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brolly, Jack, Larry Beckett - Poet and Friend Til the End, arkivert frå originalen 14. april 2008, henta 27. mai 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]