Jim Messina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jim Messina
JimMessina(by Scott Dudelson).jpg
Jim Messina spelar under ein konsert
Verkeleg namn James Melvin Messina
Fødd 5. desember 1947 (66 år) i Maywood i California
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Softrock, countryrock
Aktive år 1968 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, plateprodusent
Nettstad www.jimmessina.com

James Melvin «Jim» Messina (fødd 5. desember 1947) er ein amerikansk gitarist som var medlem av Buffalo Springfield og så eit av dei originale medlemmane i countryrockbandet Poco, før han i lag med Kenny Loggins skapte softrockduoen Loggins and Messina.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Då han var i Buffalo Springfield var han både lydteknikar, plateprodusent og til slutt bassist (han erstatta Bruce Palmer) på det siste albumet deira.

Messina og Richie Furay, eit anna medlem i Buffalo Springfield, danna så Poco etter at Buffalo Springfield vart oppløyst. Messina spelte sologitar og song, samt at han skreiv nokre songar for bandet. Etter å ha spelt inn to studioalbum og eit konsertalbum forlet han Poco.

Etter Poco fekk Messina kontrakt med Columbia Records som sjølvstendig produsent. Messinga vart først introdusert for Kenny Loggins sommaren 1970, medan han framleis spelte med Poco. Loggins møtte Messina i desember 1970 der dei to spelte inn fleire av songane til Loggins og etter kvart spelte dei inn eit heilt album. Kenny Loggins with Jim Messina Sittin' In, som kom ut i november 1971. I lag med bandet Messina hadde samla saman turnerte dei og hadde mot slutten av 1976 seld heile 20 millionar album i lag. I 1976 splitta dei lag og begge la ut på solokarriere. Messina lagde fleire album utan å gjere særleg inntrykk på platekjøparane, medan karrieren til Loggins tok av.

I 1989 var Messina tilbake i den originale besetninga til Poco for ein turne og albumet «Legacy».

I 2005 la Messina ut på turne att med Loggins. Dette resulterte i «Loggins and Messina Live - Sittin' in Again at Santa Barbara Bowl.»

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Buffalo Springfield[endre | endre wikiteksten]

Poco[endre | endre wikiteksten]

Loggins & Messina[endre | endre wikiteksten]

Jim Messina[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Summers, Kim; Eder, Bruce. «Biography: Jim Messina». Allmusic. http://www.allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg&searchlink=JIM. Henta 22. oktober 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]