Jim Morrison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jim Morrison
Jim Morrison in 1968.jpg
Jim Morrison i 1968
Verkeleg namn James Douglas Morrison
Fødd 8. desember 1943
Melbourne i Florida, USA
Død 3. juli 1971 (27 år)
Paris i Frankrike
Instrument Vokal, perkusjon
Stemmetype Baryton[1]
Sjanger Psykedelisk rock, acidrock, bluesrock, hardrock
Aktive år 1963–1971
Yrke Musikar, låtskrivar, diktar, filmmakar, skodespelar
Tilknytte artistar The Doors
Rick & the Ravens
Plateselskap Elektra, Columbia
Nettstad www.thedoors.com

James Douglas «Jim» Morrison (8. desember 19433. juli 1971) var songar og låtskrivar i det amerikanske bandet The Doors.[2] Morrison vart rangert på 47. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 største songarane gjennom tidene.[3] og vert rekna som ein av dei mest ikoniske frontmennene i rockehistoria.

Han produserte òg fleire diktsamlingar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jim Morrison i ein graffiti i Rosario i Argentina
Ru Beautreillis Nr 17 og 19, der Morrison hadde bustaden sin i Paris

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Foreldra Steve og Clara Morrison var begge tilsett i US Navy, og dette førde til at oppveksten var prega av stadig flytting. Delar av barndomen tilbrakte Morrison i San Diego i California. I 1958 gjekk han på high school i Alameda, men han tok eksamen frå George Washington High School i Alexandria i Virginia i juni 1961.

Morrison budde deretter hos farfaren og farmora i Clearwater i Florida, der han følgde studium ved St. Petersburg Junior College i St. Petersburg. I 1962 flytta han over til Florida State University (FSU) i Tallahassee.

I januar 1964 flytta han til Los Angeles, California. Her fullførde han i 1965 første del av utdanninga ved avdelinga for scenekunst ved filmskolen ved UCLA. Medan han var ved UCLA laga han to filmar.

The Doors[endre | endre wikiteksten]

Medan han gjekk på UCLA, budde han i Venice. Her levde han eit bohemliv og vart etterkvart kjent med studiekollega Ray Manzarek. Morrison viste Manzarek nokre av dikta han hadde skrive, og dei fann ut at dei ville prøve å lage musikk saman. Etterkvart fekk dei med gitaristen Robby Krieger og trommeslagaren John Densmore. Dei spela først på nattklubbar, men hausten 1965 fekk dei høvet til å spele inn ei demoinnspeling med seks songar, blant andre «Moonlight Drive», «Summar's Almost Gone» og «Break on Through (to the Other Side)».

Dei kalla seg The Doors. Namnet vart teke frå boka «The Doors of Perception» av Aldous Huxley, som igjen hadde henta uttrykket frå ei linje i diktet «The Marriage of Heaven and Hell» av William Blake: «If the doors of perception were cleansed every thing would appear to one as it is, infinite.» Morrison uttrykte dette som «There are things known and there are things unknown. In between are the doors.»

Frå 1966 spela dei jamleg på Whisky a Go Go. The Doors utgav den første plata si i januar 1967 og oppnådde etterkvart internasjonal ry.

Jim Morrison hadde ein krevjande livsstil med eit omfattande misbruk av alkohol og diverse narkotiske stoff. Dette gjenspegla seg i musikken, som ofte bar preg av mystikk og psykedelia.

Seinare karriere og død[endre | endre wikiteksten]

Jim Morrison forlét The Doors like etter utgjevinga av den sjuande plata deira, L.A. Woman. Han flytta i mars 1971 til Paris i Frankrike for å kunne konsentrere seg om forfattarskapen sitt. Blant anna las han inn på band mange av dikta han tidlegare hadde skrive, nokre utgjeve i bøkene The Lords (1967) og The New Creatures (1967) som den gongen berre vart publisert i 100 eksemplar kvar. Andre dikt var ikkje tidlegare utgjeve. Desse opptaka vart seinare oppdaga av plateselskapet og eit utval vart musikksett av The Doors og gjeve ut på albumet An American Prayer.

Morrison vart funne daud natt til 3. juli 1971 i ei leilegheit i Paris han hadde lånt av den franske modellen Elizabeth(ZoZo) Lariviere. Han vart funne død i badekaret av kjærasten Pamela Curson. Det var i ettertid vore ein del spekulasjonar omkring kva som skjedde då han døydde, men den offisielle dødsårsaka vart fastslått til hjarteinfarkt.

Han ligg gravlagd på kyrkjegarden Père Lachaise i Paris og grava blir jamleg vitja av store mengder tilhengjarar og turistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Jim Morrison
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jim Morrison