Jim Pons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jim Pons

Statsborgarskap USA
Fødd 14. mars 1943 (81 år)
Santa Monica
Yrke musikar
Medlem av The Turtles

Jim Pons (fødd 14. mars 1943 i Santa Monica i California i USA)[1]) er ein tidlegare bassgitarist og songar i fleire 60-talsband som The Leaves, The Turtles og The Mothers of Invention.[2]

I 1973 slutta Pons i musikkindustrien for å verte film- og videoregissør for den amerikanske fotballklubben New York Jets. Han arbeidde i denne stillinga til han slutta i 2000.[3]

Pons og familien flytta til Jacksonville i Florida i 2005, der han lagar kampvideoar for Jacksonville Jaguars, og spelar kontrabass i eit bluegrass-gospelband kalla Deep Creek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jim Pons on IMDB
  2. Steve Moore (24 april 2000). «Frank Zappa Tribute: The Jim Pons Interview». Henta 4. juni 2014. 
  3. Richie Unterberger. «Jim Pons». AllMusic. Henta 4. juni 2014.