Jim Sherwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jim «Motorhead» Sherwood
Verkeleg namn Euclid James Sherwood
Fødd 8. mai 1942, Arkansas City, Kansas, USA
Død 25. desember 2011 (69 år)
Instrument Baryton-, sopran- og tenorsaksofon, tamburin, vokal, gitar
Sjanger eksperimentell rock, kunstrock, jazzfusion, doo-wop
Aktive år 1957–2011
Tilknytte artistar Frank Zappa, The Mothers of Invention, Ruben and the Jets
Plateselskap Verve, Bizarre, Rykodisc, Barking Pumpkin

Jim «Motorhead» Sherwood (8. mai 194225. desember 2011) var ein amerikansk rockemusikar som var kjend for å spele sopran-, tenor- og barytonsaksofon, tamburin, vokal og vokale lydeffektar med Frank Zappa i Mothers of Invention. Han var med på alle dei origionale Mothers-albuma og dei 'posthume' utgjevingane Burnt Weeny Sandwich og Weasels Ripped My Flesh, i tillegg somme Zappa-album. Han var òg med i filmane 200 Motels, Video from Hell og Uncle Meat.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sherwood var fødd i Arkansas City i Kansas. Han og Zappa møtte kvarandre på vidaregåande skule i 1956. Sherwood gjekk i klasse med bror til Zappa, Bobby, som introduserte dei to for kvarandre etter broren oppdaga at Sherwood samla på bluesplater.[1] Sherwood spelte i det første bandet til Zappa, R&B-gruppa The Black-Outs,[2] og var ofte høgdepunktet på konsertane deira.

Sherwood og Zappa spelte sidan i lag i Ontario, i rock'n'roll/R&B-gruppa The Omens. Sherwood spelte òg med the Blackouts i 1957-1962 og The Village Inn Band i 1965. Sherwood gjekk ut frå Berklee College of Music i Boston. Etter at det første ekteskapet til Zappa var i ferd med å ende i 1964, kjøpte den lokale produsenten Paul Buff sitt Pal Recording Studio, og kalla det «Studio Z», og han og Sherwood budde i studioet ei tid.[1][3] Sherwood vart først med i The Mothers of Invention som scenearbeidar og utstyrsansvarleg, og medverka òg med lydeffektar (ved hjelp av både stemma og saksofon) på det første albumet deira, Freak Out! i 1966. Han vart heiltidsmedlem av gruppa då gruppa budde ved Garrick Theater i 1967, der det framtidige bandmedlemmet Ruth Underwood, som då sat i publikum, hugsar at «det var somme kveldar då du berre høyrte rein musikk, og andre kveldar der Motorhead snakka om å fikse bilen sin, med Jim Black sin trommerytme i bakgrunnen».[4]

Zappa avslutta det originale Mothers i 1969. Sherwood var ein av fleire medlemmar som skule spele med han i seinare år og er med i 1981 på You Are What You Is, plateboksen Läther og det siste albumet Zappa gjorde ferdig før han døydde, Civilization Phaze III. I 1971 var Sherwood med i filmen 200 Motels som Larry Fanoga. I 1973 spelte Sherwood på For Real!, det første albumet til doo-wop-gruppa Ruben and the Jets frå Los Angeles. Zappa hadde gjeve dei løyve til å nytte namnet frå den fiktive gruppa si. Sherweood produserte plata og medverka med arrangement, og song songen «If I Could Only Be Your Love Again». Allmusic skriv at plata har «vakre parti med saksofon»[5] av Sherwood og Robert «Buffalo» Roberts. Ruben and the Jets turnerte som oppvarmingsband for Zappa på Vestkysten i 1972 og produserte eit album til, men slutta etter at frontmannen Rubén Guevara fekk tilbod om solokontrakt i midten av 1970-åra. Det var økonomiske vanskar og Sherwood meinte at gruppa spelte «for mange gratiskonsertar og ikkje noko betalkonsertar».

Kallenamnet «Motorhead» vart gjeven av eit anna Mothers-medlem, Ray Collins, som merka at Sherwood alltid verka å fikse bilar, lastebilar eller motorsyklar, og sa «det høyres ut som du har ein liten motor i hovudetË.[1] Sherwood vert stundom òg tilskriven med alter egoet sitt «Larry Fanoga»[6] eller som «Fred Fanoga».

I seinare år medverka Sherwood på forskjellige prosjekt i lag med Mothers-medlemmar, som innspelingar av The Grandmothers, Mothers-klaverspelaren Don Preston, Ant-Bee og Sandro Oliva.

I desember 2011 vart Sherwood særs sjuk og døydde juledag same månad.[7][8]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med the Mothers of Invention[endre | endre wikiteksten]

Med Frank Zappa[endre | endre wikiteksten]

Med Ruben and the Jets[endre | endre wikiteksten]

Med The Grandmothers[endre | endre wikiteksten]

  • Grandmothers (Line, 1981)
  • Lookin' Up Granny's Dress (Rhino, 1982)
  • A Mother of an Anthology (One Way, 1993)

Med Ant-Bee[endre | endre wikiteksten]

Med Don Preston[endre | endre wikiteksten]

  • Vile Foamy Ectoplasm (Muffin, 1993)

Med Sandro Oliva[endre | endre wikiteksten]

  • Who the Fuck Is Sandro Oliva?!? (Muffin, 1995)

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 James, Billy (1998). Necessity Is...: The Early Years of Frank Zappa and the Mothers of Invention. SAF Publishing Ltd. (London). ISBN 0-946719-51-9. 
  2. Zappa, Frank; Occhiogrosso, Peter (1989). The Real Frank Zappa Book. Poseidon Press (New York). ISBN 0-671-70572-5. 
  3. Miles, Barry (2004). Frank Zappa. Atlantic Books (London). ss. 82–83. ISBN 1-84354-092-4. 
  4. Frå Frank Zappa-sendinga på BBC2 sitt The Late Show, først sendt 11. mars 1993
  5. Eder, Bruce. «For Real! > Review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r221064. Henta juli 12, 2009. 
  6. Couture, François. «Lumpy Gravy > Credits». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r22630. Henta 29. mai 2014. 
  7. «Jim Sherwood, Original Mother of Invention, Dies at 69", Rolling Stone, 28. desember 2011. Henta 29. mai 2014.
  8. «Mothers of Invention Jim Sherwood Dies", music-news.com, 27. desember 2011. Henta 29. mai 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]