Jimmy Cobb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jimmy Cobb

Jimmy Cobb (fødd 20. januar 1929) er ein amerikansk jazztrommeslagar som mellom anna er kjend for samarbeidet med Miles Davis, John Coltrane og Cannonball Adderley i 1950 og -60-åra.

Cobb byrja karrieren i Washington D.C., der han spelte med mellom andre Billie Holiday og Pearl Bailey. I 1950 var han med på si første plateinnspeling med saksofonisten Earl Bostic. Seinare spelte han med artistar som Dinah Washington, Clark Terry og Cannonball Adderly, før han kom med i Miles Davis sin kvintett i 1957. Høgdepunktet i karrieren kom med Davis-innspelinga Kind of Blue i 1959, som vert rekna som eit av dei store meistarverka innan jazzen (andre kjende plater han var med på er Sketches of Spain, Someday My Prince will Come og Porgy and Bess).

I 1964 slutta Cobb hjå Miles, men rytmeseksjonen frå sekstetten heldt saman, under namnet «Wynton Kelly Trio». Bandet, som i tillegg til Cobb bestod av Wynton Kellypiano og Paul Chambersbass, heldt fram til slutten av 1960-åra, og dei laga fleire plater både som trio og saman med andre artistar.

Etter trioen vart oppløyst, spelte Cobb med Sarah Vaughan i ni år. I tillegg jobba han frilans med ulike artistar, noko han har halde fram med sidan. I den seinare tida har Cobb også hatt sitt eige band i New York, under namnet «Cobb’s Mob».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]