Jincheng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Jincheng (gul) i Shanxi

Jincheng (kinesisk:晋城, pinyin: Jìnchéng) er eit byprefektur søraust i provinsen Shanxi i det nordlege Kina, med grense i sør og aust mot Henan-provinsen. Byprefekturet har eit areal på 9 490 km² med 2,28 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Jincheng omfattar eitt bydistrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og fire fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Gruvedrift er ei viktig næring i Jincheng, samt industriar knytte til foredling av minerala.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 207 går gjennom prefekturet, både gjennom sjølve byen Jincheng og gjennom fylka Gaoping og Zezhou. Denne store trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa til Mongolia, går sørover og endar i Hai'an, ein by i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya lengst sørvest i provinsen Guangdong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]