Jingdezhen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jingdezhen på eit kart over Jiangxi og i Kina.

Jingdezhen (kinesisk 景德镇市 / 景德镇市, Jǐngdézhèn Shì) er eit byprefektur i den kinesiske provinsen Jiangxi. Jingdezhen har eit areal på 5 263 km² og ca 1,554 millionar innbyggarar (2007). Han er kjent som porselenshovudstaden i Kina.

Gul porselenskrukke frå Qingdynastiet.

Byen har ei over 2 000 år gammal historie. Jingdezhen er verdskjent for sitt fine porselen. Det har vorte laga sidan Handynastiet av kvit leire (kaolin) frå Poyangsjøen i vest. Staden nådde si stordomstid rundt år 1000 under det nordlege Songdynastiet, då den leverte porselen til keisarhoffet. Ei annan stordomstid opplevde staden under Qingdynastiet, då den levererte porselensvarer som over Guangzhou gjekk til eksport. Under Taipingopprøret midt på 1800-talet vart byen sterkt skada og gjekk inn i ei nedgangstid. I nærområda til byen vert det utvunne kaolin, kol og mangan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jingdezhen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


.