Jining

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Jining (gul) i Shandong

Jining (kinesisk skrift 济宁, pinyin  Jǐníng) er eit byprefektur i provinsen Shandong nordaust i Kina. Byprefekturet har eit areal på 10 685 km² og i overkant av 8 millionar ibuarar.

Byprefekturet Jining omfattar to distrikt (区 ), tre byfylke (市 shì) og sju fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Jining ligg i eit kolrikt område og er prega både av gruvedrift og elektrisitetsverk. Dei store kolkraftverka Huaneng-Jining, Shidongkou-1 og Shidongkou-2 ligg i prefekturet. Andre næringsgreiner er tekstilindustri, medisinsk industri, vinproduksjon, naturgjødsel og sementindustri.

Nansisjøen, den største innsjøen i Shandong, har ein rik akvakultur. Jining er i dag den nordlegaste byen som enno kan nåast gjennom Keisarkanalen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I prefekturet Jining ligg Qufu, fødestaden til Konfutse, og Zoucheng, den siste var heimbyen til Mencius.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jining

Kjelder[endre | endre wikiteksten]