Jinnah-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 70°24′S 25°45′E
Jinnah-stasjonen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 70°24′S 25°45′E
Administrert under Antarktistraktaten
Jinnah-stasjonen is located in Antarktis
Jinnah-stasjonen (Antarktis)

Jinnah-stasjonen (JAS) er ein forskingsstasjon i Antarktis driven av Pakistan.[1][2] Han ligg i nærleiken av Sør-Rondane i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis.[2]

Skildring og historie[endre | endre wikiteksten]

Pakistan signerte Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) i 1991. Det antarktiske forskingprosjektet vart sett i gang av forskarar frå Det nasjonale oseanografiinstituttet, med full støtte frå departementet for vitskap og teknologi i den pakistanske regjeringa. Prosjektet vart leia av den pakistanske marinen som tok seg av all transporten under prosjektet. I 1991 vart Jinnah-stasjonen oppretta. Pakistan har to sommarstasjonar og ein vêrstasjon i nærleiken av Sør-Rondane.

Anlegget vart raskt utvida av NIO. Rådgjevarar frå det pakistanske vitskapsdepartmenetet vitja ofte området. I 2001 vart basen knytt til Badr-B-satellitten, seom sender digitale bilete av regionen til hovudkvarteret til NIO. I 2002 vitja forskarar frå SUPARCO basen, der dei sette opp ein avansert superdatamaskin som vart driven av NIO og SUPARCO. I 2005 vart det bygd ei lita flystripe og eit kontrollrom for å overvake flygingar til og frå Pakistan.

Pakistan og USA samarbeider ofte om forskinga i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mills, J.M.. Exploring polar frontiers: a historical encyclopedia. 1 (A–M). Santa Barbara: ABC-CLIO. 
  2. 2,0 2,1 Antarktis Research Det nasjonale oseanografiinstituttet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]