Jinyu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jin
(晋语)

Jinyu

Klassifisering: Sino-tibetansk
 Sinittisk
Bruk
Jintalande i alt: 48 millionar
Språkkodar
ISO 639-3: cjy
Utbreiing av jin-språket i Kina.
Kinesiske språk

Jinyu (kinesisk skrift 晋 eller晋语, pinyin jìn/jìnyǔ ) er eit kinesisk språk som er morsmål for omkring 45 millionar menneske, flest i provinsen Shanxi, men òg i delar av Indre Mongolia og tilgrensande område i Shaanxi, Henan og Hebei. Jinyu har tradisjonelt vore rekna som ein variant av mandarinspråket, men blir no oftare rekna som eit eige språk. Det er då det 26. største språket i verda.

Eit særdrag for jinyu er mengda samantrekkingar av to teikn/ord til eitt. Det er eit fenomen som ein òg har i standardkinesisk, men ikkje i like høg grad. Jinyu, eit tonespråk, er også kjenneteikna av kompleks tonesandhi, ei form for sandhi der tonen blir påverka av kva ord som finst saman i ein setning og kva grammatisk funksjon dei har.

Eit anna kjennteikn er språklyden glottal plosiv som finst i enden av stavingar, ei leivning etter lukkelydane /p/, /t/ eller /k/). Dette er eit trekk jin har til felles med mandarinspråk som ein tala under Yuan-dynastiet rundt 1300-talet, og med fleire nolevande sørlege typar kinesiske språk. Stavingar som endar med glottal plosiv kan seiast å vera tonelause.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Jinyu blir gjerne delt inn i åtte dialektar:

  • Bingzhou, talt i sentrale Shanxi, med Taiyuan
  • Lüliang, talt i vestre Shanxi og nordlege Shaanxi
  • Shangdang, talt i søraustre Shanxi
  • Wutai, talt i nordlege Shanxi og det sentrale Indre Mongolia
  • Datong-Baotou, talt i delar av nordlege Shanxi og sentrale Indre Mongolia
  • Zhangjiakou-Hohhot, talt i nordvestre Hebei og delar av det sentrale Indre Mongolia
  • Handan-Xinxiang, talt i søraustre Shanxi, sørlege Hebei og nordlege Henan
  • Zhidan-Yanchuan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Jin Chinese» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2013.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Hou Jingyi 侯精一; Shen Ming 沈明 (2002), Hou Jingyi 侯精一, ed. (på Chinese), 现代汉语方言概论, Shanghai Education Press, ISBN 7-5320-8084-6 
      • Kurpaska, Maria (2010), Chinese Language(s): A Look Through the Prism of The Great Dictionary of Modern Chinese Dialects'', Walter de Gruyter, ISBN 978-3-11-021914-2