Jishak Alfassi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jishak Alfassi (10131103), hebr. יִצְחָק הַכֹּהֵן אַלְפַסִּי Jiṣḥāq hakkōhēn Alfassī, ofte kalla רי”ף RIF, særleg blant askenasiske jødar, var ein sefardisk rabbinar som er særleg kjend for verket Sefer hahalakhót, ofte rekna som det første storverket i den halakhiske litteraturen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jishak hakkohén vart fødd i Algerie i 1013 og studerte i Kairouan i Tunisia under Nissim ben Jaakob og Hananél ben Husjiél, dei anerkjende rabbinske autoritetane i Nord-Afrika på den tida. Han flytte seinare til Fez i Marokko til eit meir tolerant miljø. Det jødiske samfunnet i Fez tok på seg å støtte honom og familien hans slik at han kunne arbeide uforstyrra på boka Sefer hahalakhót. Dei grunnla òg ein jesjibá (eit Torá-akademi) i namnet hans, og mange studentar kom reisande frå heile Marokko for å studere under honom. Jishak Alfassi vart verande i Fez i 40 år og fullførte Sefer hahalakhót i løpet av tida si der. Etterkvart vart han kjend under namnet Alfassi, som er arabisk for ‘frå Fez’;. Tilnamnet RIF kjem frå «Rebbí Jishak alFassi]].

I 1088 vart han rapportert til styresmaktene av ukjende grunnar. Han forlét fez og flykta åt Spania, der han vart utnemnd til leiar for jesjibáen i Lucena i 1089.

Jishak Alfassi døydde ved 90 års alder i 1103.

På sett og vis kan ein seie at Jishak Alfassi var avslutninga på den geoniske perioden. Den siste av dei babylonske geoním, Hai gaón, døydde da Alfassi var 25 år gammal. Alfassi sjølv vart kalla «gaón» av fleire tidlege halakhiske autoritetar. Den mest kjende av studentane hans var Jehudá Haleví.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Sefer hahalakhót[endre | endre wikiteksten]

Sefer hahalakhót utleier alle dei klåre lovavgjerslene frå dei tre Talmúd-voluma Seder Moéd, Seder Nasjím og Seder Nezikín i tillegg til enkelttraktatane Berakhót (ein del av Seder Zeraím) og Hullín (ein del av Seder Kodashím). Alfassi transkriberte dei halakhiske konklusjonane frå Talmúd ordrett, utan dei kringliggjande drøftingane, og han utelét òg alt aggadisk materiale. Dette verket vart spreidd i avskrifter føre tida åt Rashi og andre kommentatorar og førte med seg ei djuptgripande endring i studiepraksisen åt samtidige og seinare jødar: Med Sefer hahalakhót vart det elles svært tunglesne Talmúd Bablí gjort tilgjengeleg for vanlege folk. Boka Sefer hahalakhót vart snart kjend under tilnamnet «Talmúd katán» (‘vetle-Talmúd’). Ho blir òg kalla «Hilkhót RIF», eller ‘RIF sine halakhót’.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]