Jiuhua Shan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jiuhua Shan, sett frå distanse
Tempel på toppen av Tiantai

Jiuhua-fjella (tradisjonell kinesisk 九華山; Pinyin: Jǐuhuá Shān) er mellom dei fire heilage fjella for buddhismen i Kina. Jiuhua ligg i Qingyang fylke i Chizhou, i provinsen Anhui. Fjellområdet er berømt for sitt vakre og grøderike landskap, og for dei mange historiske templa.

Mange av heilagdomane og templa er vigd 'Ksitigarbha', på kinesisk kjend som 'Dìzàng', ei bodhisattva som vernar dei levande i Naraka («helvetet»), i fylgje den buddhistiske tradisjonen kalla Mahayana. Gudfryktige buddhistar vitjar ofte Anhui for å klive til topps på Tiantai. Fjelltoppen vert halde for å vere den viktigaste toppen i Jiuhua, trass i at han ikkje er den høgste.

Den religiøse tradisjonen går tilbake til 700-talet. På det meste var det ei 360 tempel i fjellområdet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]