Jiuzhaigou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Femblomst-vatnet i Jiuzhaigou

Jiuzhaigou er eit naturreservat og ein nasjonalpark i prefekturet Ngawa i det nordlege Sichuan, ein provins i det sørvestlege Kina.

Jiuzhaigou-dalen ligg i fjellkjeda Min Shan, heilt i utkanten av det tibetansk-himalayiske platået, og dekker eit areal på i kring 720 km². Dalen er kjend for sine mange fossar, som fell i fleire høgder, sine fargerike vatn og snødekte fjelltoppar. Høgda varier frå 2 000 til 4 500 meter over havet.

Jiuzhaigou vart teken med på UNESCO si liste over verdsarven i 1992, og på verdas biofærereservat i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]